PER MARIFJÆREN

— Vi arbeider med å finne ut av denne saka, men alt talar for at det ikkje er snakk om store summar, seier informasjonsjef Line Fredriksen i Posten.

Fredriksen vil ikkje antyde noko beløp, men stadfestar at det i alle fall er mindre enn 50.000 kroner.

Det mistenkte postbodet er tatt ut av teneste, medan Postens eigne folk granskar saka. Ettersom dette arbeidet ikkje er ferdig, var saka i går heller ikkje politimeld.

— Straks det er slått sikkert fast at dette dreier seg om eit lovbrot, vil saka bli meld til politiet, seier Fredriksen.

Det var andre i Posten som oppdaga at oppgjeret frå det aktuelle landpostbodet ikkje stemte. Fredriksen kan ikkje seie kor mage kundar som er berørt av denne saka.

— Vi veit det enno ikkje, men vi håpar det er færre enn ti, seier ho.

Kundane som eventuelt har fått sine konti tappa vil få melding når Posten har fått fram alle fakta i saka. Fredriksen vil ikkje seie noko om korleis det påståtte underslaget kan ha skjedd, men det er snakk om ein periode der mistenkte skal ha tatt ut mindre beløp ei rekke gonger.