Samferdselsminister Torild Skogsholm gav i desember i fjor konsesjon til Juvet transport AS for ei vinterrute mellom Bergen og Geilo over Hardangervidda, alternativt om Rv 50 Aurland-Hol.

Berre nokre få dagar etter ulukka kritiserer Per Nordø i Norges Miljøvernforbund samferdselsministeren for ikkje å ha sett krav om at bussruta skulle gå den «langt mindre farlege vintervegen» mellom Hol og Aurland.

Eg har vanskar med å sjå at Rv 50 fortener omtalen «langt mindre farleg». På kartet i artikkelen til Arne Hofseth i same avis kan me telja langt fleire rasutsette punkt på strekninga Hol-Voss enn Geilo-Voss om Hardanger. Yrkessjåførane har og langt betre erfaringar med Måbødalen på Rv 7 enn Låvisberget på Rv 50.

Per Nordø trekkjer òg fram nokre nestenulukker ved kolonnekøyring på Hardangervidda, heilt attende til 1988. Me som nyttar Rv 7 over Hardangervidda opplever at brøytemannskapa er svært opptekne av tryggleik. Mitt inntrykk er at dette fører til oftare kolonnekøyring på Hardangervidda enn andre fjellovergangar. Statistikk syner at det ikkje er meir ulukker på Rv 7 enn på dei andre fjellovergangane. Nokre få nestenulukker gjev soleis ikkje grunnlag for å kritisera samferdselsministeren sitt vedtak om konsesjon. Er det nokon som vil gå imot å gje konsesjon til bussruter t.d. i Bergen der nestenulukker er daglegdags?

Eidfjord kommune har gjennom eit godt samarbeid med Statens vegvesen vore med på å sikra Rv 7 frå Fossatromma til Brimnes. Måbødalen er rassikra med fire tunnelar, og er nå ein av dei sikraste traseane for å koma seg til fjells på Vestlandet. Vidare vart den siste parsellen ved Eidfjordvatnet avslutta i 1998, og i 1999 opna tunnelen ved Fossåna som sikra det farlegaste skredløpet på denne strekninga. Kyskredo og Furlo er sikra med overbygg. Dei to sistnemnde har ved enkelte høve vist seg å vera for korte, og det føreligg planar om forlenging. I 2001 vart skredløpet ved Ytre Rotagjelet sikra.

Påstanden til Per Nordø om at Rv 7 frå Brimnes til Eidfjord er ein av landets mest rasfarlege vegstrekningar kunne høva godt kring 1980. I dag er situasjonen heldigvis langt betre.

Folket i Eidfjord reagerte med sorg og medkjensle med dei som vart råka 16 mars. Ulukka syner at det er vanskeleg å sikra seg 100 prosent mot ras, og at det framleis er trong for ein innsats på denne strekkja. Eg reagerer likevel sterkt på at Bergens Tidende gjev Per Nordø spalteplass slik at han kan nytta denne tragiske hendinga i sin iver etter å stengja Rv 7 over Hardangervidda.

Av Anved Johan Tveit,

ordførar Eidfjord kommune,

leiar interimsstyret IS Rv 7