Turistnæringa burde gje økonomisk støtte til dei som driv gardane «der ingen skulle tru at nokon kunne bu.» Synet av hus og grøne bøar i eit dramatisk landskap er ein viktig del av norske turistattraksjonar. Det er også ein viktig del av den norske identiteten. Dei fleste er jamvel villige til å betala over skattesetelen for at kulturlandskapet blir teke vare på.

Det hastar med å finna gode løysingar. I fjor vart 1800 gardsbruk på Vestlandet nedlagde. Og berre som følgje av vedtaket om nye produksjonstilskot i fjor, vil bortimot tusen hordalandsbønder stengja fjøsdørene for godt.

Mange stader er det no siste gardbrukaren i grenda som gjev seg. Då vert ikkje berre ein gard lagd ned, men alle gardane som denne brukaren har forpakta. Det er eit trist syn, seier geograf Oskar Puschmann ved Norsk institutt for jord— og skogkartlegging til Nationen.

Spesielt i Nord-Noreg er heile grender i ferd med å gro att. Men også Vestlandet og skogsbygdene på Austlandet er hardt ramma. Hovudårsaka er manglande beiting. Ifølgje Mons Kvamme, leiar ved Lyngheisenteret, har talet på dyr på utmarksbeite gått ned med 60 prosent sidan 1939.

Og endå fortare kan nedgroinga gå i framtida. Med dagens landsbrukspolitikk vil halvparten av dei attverande bøndene gje seg innan tjue år, blir det spådd. Det norske kulturlandskapet, slik dei fleste hugsar det, kan knapt bli attkjenneleg. Denne utviklinga vil ikkje berre ramma bøndene, men også hytteeigarar, turistnæringa og friluftslivet elles.

Kulturlandskapet kan enno bergast, hevdar seniorforskar Eirik Romstad ved Institutt for økonomi og ressursforvaltning ved Norges Landbrukshøgskole i ein kronikk i Aftenposten. I så fall må det skje ei omlegging av landbrukspolitikken frå produksjonsstøtte til betaling til bøndene for landskapsgode, meiner han.

Kulturlandskapet er så viktig for dei fleste av oss at styresmaktene må finna utvegar for å bremsa tilgroinga. Om det er ei omlegging av støtteordningane som skal til, må det også prøvast. Alternativet er kanskje at internasjonale handelsavtaler tvingar oss til ei endå sterkare nedbygging av landbruket, utan omsyn til at landet gror til.

Trivsel kan ikkje styrast av marknadsmekanismar.