Nett no tenkjer eg mest på uttalen i kugalskaps-samanheng om at det er nesten tryggare å ete kjøt av importert storfe enn av norsk storfe.

Kjenner han ikkje til kva som er kjelda til kugalskap: Det altfor svakt oppvarma slakteavfallet til kjøtbeinmjøl i England som på underlege måtar vart selde til delar av Europa, men ikkje kjent importert til Norge?

Dersom han spør seg for på Veterinærinstituttet på førehand, vil han få vite at kugalskaps-prionet oppformeirar seg til stadig større mengder i eit smitta storfe over eit tidsrom på i gjennomsnitt fem år før dyret blir synleg dårleg.

Dei testane som er tilgjengelege, er så lite følsomme at dei først slår ut når dyret er sjukt og nokre få månader før symptoma blir synlege.

Dermed har eit smitta storfe dei smitteførande priona i seg i svært nær fem år før testane klarer å oppdage dei.

Er det slik at landbruksministeren nyttar politikarar til rådgjevarar i staden for fagpersonar?

Veit han ikkje at fagfolka på dette området først og fremst er på Veterinærinstituttet?

Landbruksministeren informerer norske forbrukarar med påstandar som er det stikk motsette av fakta.

Eg ser i slike haldningar at Landbruksdepartementet har spolert sine sjansar til å bli vårt framtidige «matdepartement».

Ein slik manglande respekt for forbrukarane øydelegg den generelle tilliten til politikarane endå meir, og truleg skadar det forbrukarane sin tillit til Ap aller mest.

I dag er det verkeleg flaut å jobbe i ein etat som har dagens landbruksminister til øvste politiske leiar.

Martin Åmås, distriktsveterinær, Stryn