ARNE HOFSETH arne.hofseth@bt.noRegiondirektør Terje Magnussen i Fiskeridirektoratet, region Hordaland, stadfestar overfor Bergens Tidende at saka er meld til Hordaland politidistrikt. Mister konsesjon? Når saka er etterforska og politiet har sett på den straffemessige sida, vil direktoratet vurdera om dei skal gå inn med ytterlegare tiltak. I verste fall kan konsesjonen stå i fare. — Men vedkomande kan ikkje ha vunne på dette, og har neppe sleppt laksen ut med vilje?- Nei, eigaren har nok tapt fleire hundre tusen kroner. Poenget er at rømt oppdrettslaks representerer eit alvorleg miljøtrugsmål.Villaksstammene i fleire elvar er i fåre. Difor må alle merder sikrast mot røming. Det må vurderast om røminga skuldast aktløyse, forklarer Magnussen. Mærdene skal saumfarast At ingen har meldt frå om røminga, ser han særs alvorleg på. Alle anlegga i området er bedne om å saumfara mærdene. Krav om melding er nedfelt i konsesjonsvilkåra, og manglande melding gjer saka ekstra alvorleg, seier han.Fiskeridirektoratet kan ta i bruk sterke verkemidlar mot lakseoppdrettarar som ikkje fyljer konsesjonsvilkåra. Dagbøter kan koma opp i titusenvis av kroner. Men i saker som denne, er instruksen at politiet skal koplast inn. Straffbart Aktløyse som fører til at fisk rømer, er straffbart. Manglande melding er eit doblande moment, seier regiondirektøren, og legg til:- Oppdrettskonsesjon er eit gullkanta papir. Denne retten, gitt av samfunnet, gir samfunnet rett til å kreva noko attende, meiner styresmaktene.