— Det er resultatet av den mest omfattende avlusingen som noen gang er gjennomført, sier Even Søfteland, regionsjef i Vestnorsk Havbrukslag.

Skal ei slik løgn få snevet av sanning over seg, er det eit vilkår at ho vert repetert ofte nok. Endå ei gong tek Even Søfteland ansvaret, som han gjer med jamne mellomrom.

Det finst vassdrag i Hordaland der villaks og sjøauren på det næraste er utrydda pga. lus. Desse stammene er så svake at dei tåler knapt nok eit normalt lusaår. Verst er det for sjøaurestammene, desse beitar i fjordbassenga og nær kysten, der konsentrasjonen av lus er sterkast.

Sett i forhold til overskriftene om rekordresultat i oppdrettsnæringa er utryddinga av lokale sjøaure- og laksestammer ei skam for norske forvaltingsmyndigheiter.

Problemet er ikkje lusa, men mengden av rømd laks som er vertar for denne. Dette er fisk som oppheld seg i fjordbassenget store deler av året og som er eit vilkår for den enorme lusebestanden. I eit normalt fungerande miljø skjer det ei nedbygging av lusestamma over vinteren, fordi vertane då oppheld seg i ferskvatn. Dette forholdet er heilt forrykka med at ein har laksen i anlegga eller som tallause rømde individ i fjorden.

For nokre år sidan, omkring 1985, vart det rekna med at talet vill stamlaks i vassdraga i Indre Hordaland var om lag 10.000 individ. Dette talet er drastisk redusert sidan den tid. Når ein så veit at det ved ei enkelt tilfelle av rømming frå eit anlegg kan bli borte mange gonger fleire laks, må dette bli galt.

Alt tidleg på 90-talet fann vi opptil 90 prosent rømd laks ved stamfiske i enkelte elvar. Av fangstresultata frå elvefisket dei seinaste åra kjem det fram at forholdet er om lag det same.

Kontroll med luseproblemet får Even Søfteland først den dagen han har kontroll over fisken i merdane. Den dagen står alle anlegga på land.

SVEN-HELGE PEDERSEN