Mannen vart funnen død på golvet i huset han leigde. Det var slektningar av huseigaren som fann mannen.

Liket er rutinemessig sendt til obduksjon, men politiet kjenner seg sikre på at det ikkje har skjedd noko kriminelt.

— Alt tyder på at det er eit naturleg dødsfall, seier lensmann Olav Hellebø.

Det er funn i huset som gjer at politiet meiner mannen har døydd eit par veker før han vart funnen. Familien til huseigaren fekk mistanke om at noko ikkje var som det skulle, etter at det over fleire dagar var liten aktivitet i huset.