Det har skjedd så mykje vondt i mange kristne forsamlingar dei siste åra. Det gjeld ikkje berre seksuelle overgrep, men også utallege psykiske overgrep.

Mange talarar/leiarar har nok dessverre handla i eiga kraft og ikkje halde seg nær til Gud, som elskar alle menneske. Gud har aldri hatt intensjonar om å såra nokon.

Eg vil oppfordra alle som veit at dei har handla feil — gå tilbake og be om tilgjeving slik at menneske kan bli gjenreist.

Eg er overtydd om at mange fleire enn vi trur har fått sår som vanskeleg kan lækjast på anna vis.

Må alle gå i seg sjølv - og la oss få ein openheit i menighetane.

For dei uskuldige og Guds skuld: La oss få ting fram i ljoset før det får gjort meir skade!

Øygunn L. Kallevik - ein Jesusvenn (evt. pinsevenn)