Av Terje Søviknes (Frp),ordførar Os kommune

At så mykje krefter vert brukt på Frp, Høyre og KrF 1. mai er eit tydelig uttrykk for desperasjonen som no rir LO og Arbeiderpartiet pga. dårlege meiningsmålingar. Slik stoda er no, ligg skatte— og avgiftspartiet, Ap, an til å mista regjeringsmakta til hausten.

Personleg tar eg rapporten frå LO og Hågensen sitt engasjement i Os som ei stadfesting på at vi lokalt er på riktig veg. Det er tydelig at LO fryktar at Frp og Høyre skal få det til i Os kommune fram mot kommunevalet i 2003. At angrepet kom nett no, når ein trur at Frp og underteikna ligg nede etter vinterens turbulens, er nok ikkje tilfeldig.

Det einaste punktet LO-rapporten imidlertid fann å kunna kritisera Frp og Høyre for, er det faktum at Os kommune tilliks med svært mange andre kommunar, har fått budsjettet for 2001 i retur frå Fylkesmannen. Dette er ikkje unikt for Os kommune, bare i Hordaland fikk seks kommunar budsjettet tilbake. I tillegg har åtte kommunar i Hordaland kome i Kommunal- og regionaldepartementets «svarteliste»-register for kommunar med dårlig økonomi/økonomistyring. Dit har ikkje Os kommune kome! Det fortel at Os kommune har god kontroll på økonomien.

Årsaka til at Fylkesmannen ikkje ville godkjenne budsjettet for 2001, er såre enkel. Frp/Høyre har lagt inn sal av kommunens aksjar i BKK AS i løpet av 2001. Det meiner Fylkesmannen er for usikkert med omsyn til tidspunktet for sal. Framtida vil vise når endelig sal vil finne sted. Ei arbeidsgruppe nedsett av eigarkommunane i BKK arbeider no med saka.

Frp/Høyre ynskjer å oppnå ein høgare avkastning på den kapitalen som vi i dag har låst i BKK-aksjar. Verdien av Os kommune sin aksjepost er om lag 300-400 millionar kroner. I dag får kommunen eit årleg utbytte på 4-6 millionar kroner, dvs. berre 1-1,5 prosent avkastning på denne kapitalen. Ingen privatpersonar ville satt sparepengane sine i banken til ei så lav rente! Frp/Høyre vil derfor bruke salsinntektene til å gjøra kommunen gjeldfri, og evt. plassera resten av pengane til langt høgare avkastning i fondsmarknaden. Alt dette med eit mål for auga: Best mulig økonomiforvaltning slik at innbyggjarane kan få fleire og betre tenester (eldre, helse, skole og barnehage).

Frp/Høyre har no vedtatt nytt budsjett for 2001, utan sal av kraftaksjar. De fleste nye tilboda til innbyggjarane er opprettholdt med økonomisk inndekning ved hjelp av tidlegare fondsavsetningar. Satsinga på eldreomsorga er sikra, det same er Helse/Trygd-prosjektet og eit nytt Dagsenter for rusmisbrukarar. Hadde Ap/SVs alternative budsjett fått fleirtal, hadde eldreomsorga blitt redusert med hele to millionar kroner i 2001, og innflyttinga av ein ny sjukeheim med 80 plassar blitt utsett med ein månad. Snakk om molbopolitikk!

Skatte- og avgiftspartia Ap og SV fornekta seg heller ikkje på skattesida. Dei kom nok ein gong med framlegg om eigedomsskatt i Os kommune. Det kan ikkje Frp og Høyre akseptera. Vanlege arbeidsfolk betalar allereie alt for mykje i skattar og avgifter.

Frp/Høyre har full kontroll med økonomien i Os kommune. Ei rekkje spannande prosjekt er sett i gong - resultata vises allereie og vil bli meir framtredande i tida fram mot kommunevalet 2003. Det er då fleirtalspartia skal opp til eksamen, der vi skal vise at innbyggjarane i Os har fått fleire og betre tenester med Frp/Høyre-styre i fire år.