Med ni mot seks røyster vedtok fylkesutvalet at Kvinnherad-ruta frå Sunnhordland via Herøysund til Os skal halda fram i alle fall ut året.

Dermed vart det, i alle fall mellombels, eit nederlag for dei som kjempa for ei ny rute Rosendal-Flesland-Bergen.

— Dette er meir enn ein halv siger for oss. Men dette er berre eit steg på vegen. Vi langt frå sikre på at Kvinnherad-ruta er berga for godt, seier Ståle Stoknes frå aksjonsgruppa Rutelaget i søndre Kvinnherad.

Odda-ordførar Toralv Mikkelsen var ikkje like nøgd. Med Folgefonntunnelen hadde han vona på Rosendal som utgangspunkt for ei ny snøggbåtrute mellom Folgefonnhalvøya og Bergen.