Eit godt år er gått sidan næringsminister Ansgar Gabrielsen uventa profilerte seg kraftig på at tida var inne for å auke kvinnerepresentasjonen i styra. Høgrestatsråden la for dagen at han ikkje hadde tenkt å vente særleg lenge før dette kom på plass — og at han ville tvinge næringslivet om resultata ikkje kom som venta.

Vi må konstatere at lite har skjedd. Om Ansgar Gabrielsen har vanskar med å vinne fram med synspunkta sine, skal vere usagt. I alle fall er det tydeleg at svært mange framleis ønskjer å bruke den gamle oppskrifta: Du sit i mitt styre, så sit eg i ditt.

Nyleg gav ein ung, kvinneleg representant for næringslivet klart og eintydig uttrykk for kva ho meiner kvinnene bør prioritere. Ikkje særleg lysteleg for sjansane for å auke kvinnerepresentasjonen rundt styreborda.

At unge kvinner tenkjer slike gammaldagse tankar, er trist.

Faktum er at dagens kvinner både har god utdanning og lang og allsidig røynsle; ofte frå ulike verksemder og fagområde. Denne kompetansen burde vere interessant for dei aller fleste som skal komponere styre - rett og slett fordi mangfald, breidde og ulik kompetanse er viktig i det krevjande miljøet mange verksemder opererer i. Styreleiarar må heve blikket og sjå at kvinner vil bringe inn ein ekstra dimensjon i styrearbeidet. Ikkje minst burde det vere interessant at det er slege fast at det faktisk er ein positiv samanheng mellom kvinnerepresentasjon i styra og dei resultata verksemdene oppnår.

Dersom utviklinga skal gå med same fart dei komande åra, er eg redd høgrestatsråden står framfor ei svært krevjande oppgåve. Dei kraftige motkreftene som finst i delar av næringslivet, gjere at næringsministeren verkeleg må sette inn apparatet, kreftene og prestisjen sin dersom han skal nå målet om 40 prosent kvinnerepresentasjon i styra i 2005.

Bjørg Sandal, statssekretær i Stoltenberg-regjeringa