I fire år no har norsk regelverk godteke kjønnsbasert forfølging som grunnlag for å få politisk asyl, eventuelt opphald på humanitært grunnlag i Noreg.

I to år har «14 kvinner i Bergen» kjempa for at dette regelverket skal nedfella seg i praktisk norsk asylpolitikk. Vi har utfordra utlendingestyresmakter, regjering og Storting gong på gong, både prinsipielt og i ein-skildsaker, til å fylgja lov og regelverk i praksis. Vi har dokumentert, på nytt og på nytt, at ikkje eingong æresdrap, tvangsekteskap og valdtekt har gjeve kvinner ly og vern i likstillingslandet Noreg. Ikkje minst Bergens Tidende har sett fokus på sakene til fleire kvinner som har søkt ly i Noreg av slike grunnar.

Svaret dei har fått frå norske styresmakter har vore avslag på avslag. Forskarar både nasjonalt og internasjonalt har påpeika at kvinner de facto ikkje har same asylrett som menn.

I vinter bestemte kommunalminister Erna Solberg at kyrkjeasylsakene skulle lyftast ut or den ordinære køen og behandlast særskilt. Avgjerda kom etter stor offentleg merksemd og eit voldsomt påtrykk frå lokalsamfunna som husa kyrkje-asylantane. Statsråden var ikkje villig til å gjera det same for kvinnene som hadde søkt asyl grunna kjønnsbasert forfølging – og som også hadde venta i årevis, fleire under kyrkjeasylliknande forhold.

To påfylgjande statsministrar, to kommunalministrar, to justisministrar og to likestillingsministrar har alle fortalt 14 kvin-ner i Bergen det same, i møte og i brev: Etter norsk lov og regelverk kan ikkje styresmaktene gripa inn i einskildsaker, ikkje under nokon omstende og på noko vis. «Eg er den personen i Noreg som minst kan blanda meg i einskildsaker,» sa kommunalministeren for nokre månader sidan. Men det var før det vart kjent at Utlendingedirektoratet hadde gjeve opphald til dei to flykaprarane.

Utlendingelova er under revisjon, og m.a. kjem kjønnsbasert forfølging til å koma inn i lov og forskrifter, har ministrar og stortingspolitikarar fortalt oss. Lovrevisjon tek tid. I Bergensområdet lever no i underkant av ti kvinner som har venta i fleire år på å få vern i Noreg etter kjønnsbasert forfølging i heimlandet.

Fleire av dei har levd i skjul, verna av solidariske medmenneske som har teke på seg det ansvaret norske styresmakter har underskrive gjennom internasjonale avtalar/konvensjonar og eigne lover og føresegner. Det må då vera råd å sjå på desse sakene i mellomtida! har vi kravd. Av-slaga desse kvinnene har fått, botnar både i dokumentert dårleg saksbehandling og dårleg kjennskap hjå utlendingestyresmaktene til kvinners situasjon i ulike heimland. Dette er påvist, både frå advokatar og frå «14 kvinner i Bergen». Nei, seier statsministeren og hans statsrådar – det vil vi ikkje!

Etter drapet få Fadime sist i januar, då heile Skandinavia var i opprør, fortalde Bergens Tidende historia til «Zasmin», på flukt frå æresdrap i heimlandet, i skjul i Noreg også for norske styresmakter etter avslag på asylsøknad. «14 kvinner i Bergen» gjorde statsministeren særskilt merksam på denne saka i brev. Vi trudde at Noregs øvste politiske ansvarlege ville syta for å gje vern til ei av Fadimes medsystrer. Vi tok feil — han ville ikkje, og han sa det beint ut i brev til oss - et-ter tre månader.

Det er fyrst dei siste dagane det har vorte fart i Kommunaldepartement og Stortinget.

Statssekretær og kommunalministeren sjølv leitar no med lys og lupe etter saksbehandlingsfeil og hol i lov og regelverk for å engasjera seg i einskildsaker. Men ikkje på grunn av «Imara»-saka, som BT rapporterte om for ei veke sidan, sjølv om denne kvinna var påført ubote-leg skade i norsk og statleg varetekt. Heller ikkje Fadime-saka. Ikkje sakene til drapstruga, forfylgde og mishandla kvinner. Nei, det er den såkalla flykaprarsaka som har fått ministrar og andre til å leita etter den makta dei så tydeleg ikkje har vilja hatt før. Våre medsystrers kvinneliv har Noregs statsminister, hans statsrådar og fleirtalet i Stortinget lagt ut på billegsal ved Noregs grense.

Av Agnete Strøm og Oddny I. Miljeteig to av «14 kvinner i Bergen»