Stoltenberg seier at han vil gjera dette for å få fleire kvinner i leiande stillingar, noko som er ein god tanke, men er verkemiddelet rett?

Ved ei slik kjønnskvotering vil ein kunne få ein sjanse for at dårleg kvalifiserte kvinner nyttar seg av sjansen til å søke og få slike stillingar, dei vil etter kvart gjera ein dårleg jobb og dei som jobbar mot at kvinner skal få leiande stillingar får med dette vatn på mølla.

Dei flinke kvinnene vil med dette forslaget vegra seg mot å søkje. Kvifor, spør du. Det finnest enno folk som ikkje likar kvinner i leiande stillingar, men godt kunne tenkt seg dei sjølve. Ein mann som taper mot ei betre kvalifisert kvinne kan (og enkelte vil) bruke nett denne kjønnskvoteringa til å spreie rykte slik som at «ho fekk no berre jobben på grunn av at ho var kvinne».

Dette er ein frykt som gjer at enkelte flinke kvinner ikkje søker på jobbar der dei klart er best kvalifiserte. Og viktigaste av alt er at mange unge kvinner ikkje vil ha kjønnskvotering av noko slag.

Lytt til folket Jens, før du kjem med utspel.

FRODE HAUKÅS