Kvinna, som er i 60-åra, vart innlagt på Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane etter utforkøyringa. Ho har fått bryst— og ryggskader, men er altså ikkje alvorleg skadd, slik BTs nettutgåve kom i skade for å melde torsdag formiddag.

Utforkøyringa skjedde på Europavegen ved Lunde i Gaular. Kvinna har først køyrt inn i autovernet, før bilen forsvann over dette, utfor vegen og fleire meter ned ei svært bratt skråning.

Ingen andre bilar var involvert i utforkøyringa. Årsak til trafikkuhellet er ikkje klar, men kvinna har truleg mista kontrollen over bilen på det glatte føret.