Læringssenteret, på oppdrag frå Utdannings— og forskingsdepartementet, arbeider no med kvalitetssikringa av data frå karakterstatistikken som gjeld avgangselevane frå våren 2002. Dette er eit omfattande arbeid som må gjerast for å luke ut data- og systemfeil og sikre personvernet. Mange ledd i utdanningssystemet er inne i prosessen. Førebels data blir ikkje publisert, dette for å sikre at det som blir offentleg er korrekt, ikkje minst av omsyn til personvernet; at einskildindivid ikkje skal kunne identifiserast. I denne prosessen prøver ein å hindre at data kjem på avvegar, men her viser erfaring at ein ikkje kan sikre seg hundre prosent. Som offentleg og profesjonelt organ vil Læringssenteret sjølvsagt leggje fram data som er mest mogeleg korrekte, og ikkje minst i presentasjonen sette karakterstatistikken inn i ein samanheng. Dette er viktig for å hindre mistydingar om kva slike karakterstatistikkar fortel, og kva dei ikkje seier noko om. Alle som har eit minimum av kunnskap om statistisk materiale og bruken av slikt, burde vite at rangering av ulike type skolar, store og små, på grunnlag av utval frå eit års karakterstatistikk, gir lite meining. Karakterar i einskildfag er berre ein del av vurderinga av elevane sitt arbeid og utvikling og om kvaliteten på opplæringa eleven får. Når einskildresultat blir tekne ut av sin samanheng og brukt til rangering og dermed framstilt som mål på kva som er gode eller mindre gode skolar, blir det feil. Desto verre når ein opererer med data som heller ikkje er endeleg kvalitetssikra.

Eg stiller meg spørjande til kvifor BT vel å ikkje respektere dette, og vidare, når ein offentleggjer uferdig materiale, gjer det på ein så kunnskapslaus og ukritisk måte. Det skuffar meg. Men dei som ikkje skuffar meg er elevane på den av BT øvst rangerte skolen som uttalar seg til avisa. Kommentaren viser at dei har forstått langt meir av kva som er skolen si oppgåve og korleis målet om at elevane skal bli gagns menneske kan realiserast, enn det BT viser. Men kanskje BT trur at denne type journalistikk og tabloidpresentasjon aukar salet av avisa?

Kjellbjørg Lunde, utdanningsdirektør Bergen