I BT 29. september kjem Søviknes med fleire misvisande utsegn og prøver å gjera eit poeng av at KrF i Os ikkje har hatt framlegg til andre økonomiske disponeringar enn fleirtalet. Søviknes er rett og slett på villspor. Eg vil ikkje gjera greie for tala på nytt, eg står fast på det eg har sagt, og i det eg uttalte til avisa gjorde eg ikkje skilnad på kven som sat med fleirtalet i dei aktuelle sakene, men la vekt på å peika på det totale volumet av det vi har gjort om til reie pengar. Tala er då riktige slik eg har sagt.

Korleis den økonomiske stoda i Os kommune ville vore om det var eit anna fleirtal enn det vi har i dag, kan både Søviknes og eg meina noko om. Partia i opposisjon har gjennom sine alternative budsjettframlegg gjort greie for korleis ein ville styra økonomien i Os. Hadde du gløymt dette, Terje?

Terje Søviknes meiner at dersom opposisjonen hadde fått gjennomslag for å følgja dei andre kommunane i Hordaland i saka om nedsal av BKK aksjane, så ville vi i dag hatt mindre inntekter i form av renter. KrF og dei andre partia i opposisjon har i sine budsjettframlegg lagt til grunn at vi ikkje skulle selja alle BKK-aksjane, og vi hadde balanse i budsjettet. Igjen skortar det på minnet til Søviknes. Eg vil berre peika på at med vår økonomistyring ville vi spart om lag 5 millionar kr til konsulenthonorar til «hjelp» med aksjesalet, og vi ville fått utbyte på dei resterande aksjane. Vårt budsjettframlegg gav ikkje kutt i eldreomsorga eller i skuledrifta, noko ein kan sjå i budsjettframlegget. Ein vidare diskusjon er nok best eigna i dei fora som skal laga nytt budsjett for perioden 2003-2006.

Søviknes kan bruka så mykje spalteplass i avisene som han vil for å spreia sine misvisande og polemiske utsegn, sanninga får han likevel ikkje monopol på.

KÅRE LUTRO,

GRUPPELEIAR I KRF I OS