Debattinnlegget i seg sjølv vil eg ikkje kommentera. Dei som har fulgt saka om Hardangerbrua veit kva som er rett og kva som er feil i det Nordø skriv. Diverre er det sistnevnte i fleirtal, sjølv om kløktig språkbruk gjer utsegnene svært tilforlatelige. Eg vonar at dei som ikkje har så mykje kunnskap om Hardangerbrua også søkjer informasjon hjå andre kjelder før dei gjer seg opp ei meining.

Miljøvernforbundet sin kamp mot Hardangerbrua er basert på politikk og ideologi. Greitt nok, i eit demokrati har alle lov å ha sin meining. Men eg trur mange i Hardanger etter kvart er dyktig lei av alle «utanforståande» som veit «alt» om Hardanger sine problem og utfordringar, og korleis dei skal løysast. «Den veit best kvar skoen trykkjer, som har den på», seier ordtaket, og dette er ein sko som Miljøvernforbundet aldri har hatt på.

For meg handlar dette om framtidstru. Eg ynskjer eit Hardanger med stigande folketal, og stikkordet er kommunikasjon. Same kva Miljøvernforbundet hevdar, så er Indre Hardanger i ei kommunikasjonsmessig bakevje. Ungdomen i dag stiller krav som vi ikkje klarer oppfylle. At det å kunne gå på ein konsert eller eit teaterstykke i Bergen skal krevje to dagar og overnatting er ikkje godt nok. Når eg om 30 år er pensjonist, ynskjer eg at barn og barnebarn skal vera busette i Hardanger, og ikkje i ein storby ei eller fleire dagsreiser unna. Arbeidsplassar har vi, men kven vil bu her?

Til slutt ein liten kommentar til debattinnlegget 10. mars. Det vert gjort eit nummer av at Hardangerbrua ikkje er nevnt i Nasjonal Transportplan 2002-2011. Men Jondalstunnelen, som ifylgje innlegget er redninga for Hardanger, står heller ikkje nevnt der. Om den vert bygd, så vil verken den eller Folgefonntunnelen ha dei fysiske mål som vert kravd av ein tunnel i stamvegnettet. Dermed kan vegen om Jondal aldri bli stamveg utan tilførsel av betydeleg fleire millionar enn dei innlegget nevner. Og sjølv om tunnelen fører hardingane til Jondal, så er vi framleis på «feil» side av Hardangerfjorden, og det er framleis langt til Bergen, på dårlege vegar. Dette er faktum Miljøvernforbundet overser. Jondal er elles ein triveleg stad, og eg ser fram til kortare reisetid dit. Jondal har dessutan ein dyktig og aktiv ordførar, som arbeider for saker, medan andre, som t.d. Miljøvernforbundet, helst arbeider mot saker. Kva glede kan det liggja i å heile tida motarbeida?

Geir Midtun, Lofthus i Hardanger