Reportaren spurde kva vi svindla dei med, og fekk til svar at det var reisegods, gull og verdisaker, og sjølvsagt bedrifter. Men det er grenser for kor mykje ein privatperson har av reisegods og verdisaker.

Det er småpengar det er snakk om. Reportaren spurde også om korleis de fann ut av svindelen, og fekk til svar at dei hadde folk som granskar på det. Dersom dei har så god kunnskap om kundane sine, burde dei ta verstingane og la oss andre få sleppe å betale meir i forsikringspremie. Det er ein auke pr. privatperson på 2500–3000 kroner pr. år. Og det er no når dei attpåtil går ut og foreslår at det burde vært obligatorisk med terrorforsikring, då ser eg raudt.

Det er nesten ikkje ei veke utan at det står fram ein person som fortel at dei må gå rettens gang mot forsikringsselskapa, for å få den erstatning dei har krav på. Det kan vera av ulykker i trafikken eller arbeidsulykker. Så då spør eg «Kven er det då som svindlar?»

Det står så fint på papiret når dei skal ha oss til å skrive under, men det er så visst ikkje same tone når vi treng hjelp!

Har følgd ein person på nært hald i 10 år, som kjempar mot eit forsikringsselskap for erstatning for ei trafikkulykke. Det einaste personen har oppnådd er å få øydelagd livet sitt ...

Det er freistande å seie at forsikringsselskapa her er dei lovlege kjeltringane!

SYLVI INGEBRIGTSEN