Av Idar Grindheim

Ein skal vere nær det senile stadiet for å tru slikt. Det er ikkje verifisert at politiske parti og rivalar til politiske maktposisjonar er i kulissene, men Hardanger-rebellen vart kontakta av BA i høve ryktespreiinga for Hordalands-området. Dette som ein del av ein tv-seanse.

Desse ryktespreiarane må stå for eit lågmål politisk, og bør vera politisk «daude». At nokon trur at dei først kan sverte på det grovaste og mest infame, og så be den stigmatiserte om å avsanna eller stadfeste løgnene, er til å bli sjuk av.

At framgangsmåten skulle vere til hjelp for den stigmatiserte, talar for eit politisk lik. Os-ordføraren må ha

usedvanlege kvalitetar som menneske, som ikkje let seg knekkje.

Med den toppleiinga som Framstegspartiet no har, er det duka for eit svært seriøst val til hausten. Etter den sjikanen som har vorte toppleiinga til del, og som undermålarane trudde skulle få eit anna utfall, har leiinga stadfesta at det er eit parti for samarbeid om det beste i norsk politikk.

Kjem ryktespreiarane i partia i posisjon, blir Stortinget rasert, og landet blir ein politistat og oligarki.