Eg les i søndags-BT om kor morosamt det er med levande skjold. På det retoriske spørsmålet Marit Eikemo stiller i åpninga kan eg med ein gong svare at, nei, latteren tvinger seg ikkje fram.

Idealistiske menneske frå Vesten drog til Irak fordi dei trudde at det at dei var til stades i Irak når bombene fell skulle bety noko frå eller til — for ein latterleg tanke! At dei skulle få meir merksemd enn vanlege irakarar? At vestlege liv har større verdi enn irakiske - noko så naivt!

Men kven er naiv? Sjå deg om i verda; folk har - i praksis - ulik verdi her i verda. Du har større verdi som rik og kvit enn som fattig og brun. Det har dei levande skjolda forstått. (Riktignok var det naivt av Katarina Søderholm å tru at ho kunne bli tatt alvorleg så lenge ho er blond og pen). Dei fleste av oss forstod også at dei levande skjolda var der for dei sivile sin del, ikkje fordi dei var tilhengarar av styret i Irak.

At vestlege liv har større verdi forstod også Rachel Corrie, som vi kan lese om i same avis eit par sider lenger bak. Ho var i Gaza-stripa som eit, nettopp ja, eit levande skjold. Nyleg blei Nuha Sweidan drepen, har du høyrt om henne? Nuha var 33 år og gravid i niande månad då ho med den 18 månader gamle dottera i fanget blei levande begravd då ein israelsk bulldosar reiv ned ein bygning i Gaza. Både Nuha og fosteret døydde, mens dottera overlevde under bygningsskrotet.

Det har vore mykje omtale av drapet på Rachel Corrie i vestlege media - ho er jo ei av oss! Destod mindre å lese og høyre om Nuha Sweidan.

Eg las artikkelen om Rachel Corrie i dag, og eg lo ikkje.

BERIT KVINGE,

FYLLINGSDALEN