For underskrivne synest ikkje svaret på det spørsmålet å vera så vanskeleg. Dersom Halleraker les mitt innlegg ein gong til, vil han sjå at eg ikkje har samanlikna prisutviklinga i perioden før og etter frisleppet (fram til utgangen av 2002).

Men eg nemnde at auken i straumprisane, som no etter kvart vert fakturert, har kome som eit sjokk på brukarane. Det står eg ved.

Det eg prøvde å få fram i mitt innlegg, var at frisleppet og den trinnvise utviklinga fram til no, og det som no skjer, kan ha lagt grunnlaget for ei vidare utvikling i kraftmarknaden, som nokon kan ha grunn til å oppfatta som lovnadsbrot — og andre kanskje som ein bløff.

Men - sidan Halleraker legg vekt på å framstilla prisutviklinga i fyrste tolvårsperioden som positiv, kan det vera av interesse å høyra kva andre meiner. Ifylgje Halleraker har eit gjennomsnittshushald spart 40.000 kroner på frislepp av kraftmarknaden. Professor Lars Thue ved Handelshøyskolen BI, har til dømes lagt fram eit reknestykke som syner tap til straumbrukarane, etter frisleppet (Dagbladet 24.01.03).

Halleraker hevdar og at det er feil når underskrivne skriv at EU har eit prisnivå på straum, 2 til 3 gonger over det me er vane med som norsk nivå. Professor Bjørn Karlson ved Linköping Universitet, spår at Noreg og Sverige kan få 2 til 3 gonger så høge straumprisar som me er vane med. Grunnlaget er prisane i den støtt meir liberaliserte kraftmarknaden ute i Europa (Dagbladet 31.01.03).

Halleraker dreg og fram den kjende påstanden om for lite straum her i landet i eit såkalla normalår. Halleraker kan ha rett, utifrå den faktiske situasjonen at Stortinget har gjeve frå seg styringa av den norske kraftmarknaden. Noko som har ført med seg stor netto eksport av kraft på heile 90-talet. Dette har halde fram i det nye tusenåret. Her lurer og gasskraftsaka i bakgrunnen.

Halleraker skriv elles mellom anna at me «i dette landet faktisk er avhengig av at det faller nedbør». Kva om ein kunne tenkja seg at våre stortingsrepresentantar hadde kviskra denne sanninga i øyra på Statkraft og at politikarane - i staden for flaumsikring som Statskraft er prisverdig oppteken av - heller hadde bede om straumsikring? Ein utveg som fleire har peika på, kunne mellom anna vera ei regulering av lovverket frå Stortinget si side, med høve til nivåsperrer for magasina og pålegg til oppsamling i fleirårsbasseng.

Av tiltak som kan iverksetjast nemner stortingsrepresentanten Øyvind Halleraker berre eitt: Større overføringskapasitet til og frå Noreg.

Men - som nemnt i mitt førre innlegg: Dette kan vera sikraste vegen til varig dyr straum her i landet. Og i så fall -

kven har vorte bløffa eller lurt?

Olav Revheim