Av Gudrun Mathisen, plan— og miljøsjefHordaland fylkeskommune

Det er kommunane som har hovudansvaret for å ta vare på og sikre strandsona. Måten kommunane kan gjera dette på, er ved planlegging og i handsaming av enkeltsaker. Kommunestyremedlem Magne Djuvik, Fusa, meiner at det generelle byggeforbodet i 100-metersbeltet er forelda (BT 14.7.02). Han føreslår at ein i framtida må organisera det ved at 1) kommunane peikar ut område med friluftsinteresser, i samarbeid med grunneigarar, bygdeutval og andre, 2) i friluftsområda skal det ikkje vera mogleg å gi dispensasjon, 3) det generelle byggeforbodet i 100-metersbeltet vert oppheva.

Djuviks forslag nr. 1 er inga fremtidsløysing, men ordninga i dag. Kommunane skal utarbeida ein kommuneplan som skal rullerast kvart fjerde år. Arealdelen til kommuneplanen skal i nødvendig utstrekning vise mellom anna landbruks-, natur- og friluftsområde. Innafor desse områda (LNF-områda) kan kommunen i tillegg peike ut område kor det kan tillatast spreidd utbygging i avgrensa omfang (tal på bygningar må vera gitt). Kommuneplanen skal utarbeidast med krav til medverknad og offentlegheit.

Punkt 2 i Djuvik sitt forslag er ei framtidsløysing. Den kan bli ein realitet dersom kommunane ikkje blir meir restriktive med å gi dispensasjonar. Staten ved Miljøverndepartementet har varsla innstramming av dispensasjonspraksis i strandområda. Det er etablert rikspolitiske retningsliner for Oslofjorden, og tilsvarande vert no utarbeidd for Agderfylka. Det vil seia at det er staten, ikkje kommunane, som har avgjersle over bruken av strandsona. For Hordaland har departementet godteke ei handtering gjennom fylkesdelplan for kystsona. Den vart vedteke av Fylkestinget 13.03.01 og godkjent i Miljøverndepartementet 22.02.02. Miljøvernminister Børge Brende seier i godkjenningsbrevet:

«Planlegging og dispensasjonspraksis for fritids- og bustadbygging må sjåast ut frå dei lokale forholda for friluftsliv, naturverdiar, landskap og kulturmiljø i den einskilde regionen. Departementet stør fylket si oppfølging, og er positiv til at allment friluftsliv skal prioriterast føre utviklinga av private fritidseigedommar i 100-metersbeltet.

Det kommunale sjølvstyre er eit viktig prinsipp og skal leggjast stor vekt på. Departementa vil likevel understreka at dersom viktige nasjonale mål og regionale interesser ikkje blir teken vare på i kommunal planlegging, kan sektorstyresmaktene fremme motsegn, sjølv om kommunane har godt grunngjevne forslag.»

Djuvik skriv at det største problemet er når byråkratar på fylkesnivå går inn og overprøver de avgjerder som kommunepolitikarane har gjort. På fylkesnivå går administrasjonen inn på vegner av fylkestinget sine vedtak og på vegner av Miljøverndepartementet og peikar på når kommunane bryt regionale og nasjonale interesser. Hordaland fylkeskommune praktiserer regelen: «inga motsegn utan møte». Det vil seia at vi som hovudregel har eit møte med den aktuelle kommunen dersom det er aktuelt med motsegn, og i dei fleste høve kjem vi til semje utan bruk av motsegn. Vi har også gode erfaringar med å møte kommunane på deira banehalvdel, og stiller gjerne i ein dialog for å drøfte og avklare ansvars- og rolledelinga mellom byråkratar, planleggjarar og politikarar.

I debatten om forvalting av strandsona må vi unngå å hamne i ein skyttergravskrig - det tener ikkje saka. Eg oppfattar at Djuvik har eit genuint ønskje om å sikre strandsona. Ønsket om å sikre det lokale folkestyret krev at politikarane er medviten kva ansvar dei har. Kommunepolitikarane har som oppgåve å utforme arealpolitikken lokalt. Fusa sin kommuneplan er frå 1993 - ein av dei eldste i Hordaland. For 4 år sidan starta kommunen arbeidet med å rullera kommuneplanen, med møte i bygdeutval og arbeidsgrupper. Arbeidet er sidan stogga opp. Dersom Djuvik sine kommentarar skal stå til truande, må ein venta at han tek initiativ til at planarbeidet kjem i gang att og Fusa får ein oppdatert arealplan. Fylkesnivået deltek gjerne med råd og rettleiing.