TERJE ULVEDALterje.ulvedal@bt.no Jordbruksteljinga for 1999 som vart presentert i går, viser at det på ti år har skjedd ei dramatisk endring i vestlandslandbruket.I 1989 var det 14.823 gardsbruk i drift i dei to fylka. Ti år seinare er brukstalet redusert til 10.942. Nedgangen er på 27 prosent i Hordaland og 25 prosent i Sogn og Fjordane.Medan 14.752 bønder var registrert som personlege brukarar av gardar i dei to fylka i 1989, er dette ti år seinare redusert til 10.781. Nesten 4000 bønder har altså forlate yrket. Dei minste forsvinn Det er dei minste gardane som blir lagt ned. Talet på bruk under 50 mål er nesten halvert. Derimot er talet på driftseiningar over 200 mål nær tre-dobla.Bøndene som er att slår altså stadig fleire gardar. Medan 23 prosent av alt areal som var i drift i Hordaland i 1989 var leigd jord, hadde dette auka til 41 prosent ti år seinare. I Sogn og Fjordane auka storleiken på gjennomsnittsbruket med over 30 prosent i ti-årsperioden. Det er tal frå den siste jordbruksteljinga, gjennomført av Statistisk Sentralbyrå, som fortel om dei dramatiske endringane. Politisk samsvar — Eg trur vi må kunne seie at dette samsvarar godt med landbrukspolitikken dei siste ti åra, seier fylkesjordsjef Egil Nestande i Sogn og Fjordane til BT.- Sjølv om det kanskje aldri er sagt med reine ord at det skal bli færre bønder i landet, har signala vore klare på at landbruket må drive meir rasjonelt og billegare. Det er vel ikkje tvil om at det desse tala viser, er ein effekt av politikken som er ført.Nestande meiner det verkeleg urovekkande med desse tala er at arbeidsplassar forsvinn frå bygdene. Bygdeutvikling - Så langt har vi, mellom anna ved hjelp av bygdeutviklingsmidlar, greidd å halde sysselsetjinga oppe. Det har vore balanse mellom talet på bønder som har gitt seg, og arbeidsplassar som er skapt gjennom ny næringsutvikling. Greier vi ikkje å kompensere for nedgangen i landbruket, er det alvorleg for bygde-Norge, meiner Nestande. Fylkesjordsjefen kan fortelje om ei endå meir dramatisk utvikling etter 1999. Tal fylkeslandbrukskontoret i Sogn og Fjordane har henta inn viser at det dette året vart lagt ned 177 bruk i fylket. Normalen dei siste åra har vore mellom 120 og 130.- Spørsmålet vi stiller oss er om dette er eit eingongsfenomen knytta til sal av mjølkekvotar, eller om vi ser ei meir permanent endring i retning av at stadig fleire forlet jordbruket, seier Nestande.

Les også: Erling slår tre gardar