Først høyrer vi leiaren i Transportarbeiderforbundet som prediker ei økonomisk tenkning få land i verda praktiserar, og som snarast vil bort frå denne praksis om dei hadde moglegheiter til det.

Han snakkar også om å forlate solidaritetslinja, verknaden av det vil vere pristigning og renteauke. Dette vil først og fremst gå utover arbeidstakarane og arbeidplassane i landet.

NTL ønskjer at verda skal stå stille og vil hindre omstillinga i offentleg sektor.

Arbeidarpartiet har sett det som mål å prøve å reformere sjukehusa dvs. at folket skal ha eit behandlingstilbod som er likt over heile landet. Det er det ikkje i dag! Dette er eit forsøk på å plassere økonomien til sjukehusa i regjering og storting, der den høyrer heime.

Arbeidarrørsla sin styrke har alltid vore å reformere, sjå nye moglegheiter i takt med samfunnsutviklinga.

I denne utviklinga stiller LO seg på sidelinja. I kjølvatnet av dette fossar høgrepartia fram på meiningsmålingane. Det LOkongressen burde gjort var å utfordre sentrumspartia til å gå i dialog med Arbeidarpartiet for å få til ei best mogleg sjukehusreform. LO-kongressen oppnår med sitt vedtak det motsette av det dei ønskjer. Dei set i gang ei storstilt privatisering ved at dei spelar ballen over til Høgre, Frp og KrF.

Dette handlar om politikk og kva veg ein ønskjer samfunnet skal utvikle seg.

PER BJ. MOLNES