Endåtil Dagsavisen sin kommentator, tidlegare Ap-politikar Arne Strand, skriv at dette er sterkt overdrive og manglar historisk belegg.

Eg skal la det ligge, men undrar meg om kva som ville bli betre med ei Ap-regjering.

Regjeringa har foreslått å flytte fleire tilsyn ut av Oslo. Dette vil gje kompetanse-arbeidsplassar utover i landet, men mest viktig; Gjere at ikkje alt blir sett på med Oslo-briller. Til mi store forbausing ser eg at Ap (og SV) ikkje veit om dei vil vere med på dette. Kva meiner dei om distriktspolitikk og sentralisering?

Regjeringa legg fram forslag som avgrensar forsking på liv og som avgrensar sjansen for å sortere ut td. foster med Downs syndrom. Dette handlar om sentrale verdival. Difor er det rart å sjå at Ap, som kritiserer KrF for høgredreiing, finn saman med Frp og vil liberalisere.

Gass-meldinga vart behandla i Stortinget i vår. Regjeringa fann saman med SV fram til forlik om å greie ut innanlandsk bruk av gass. Også her fann Ap saman med Frp. Var det høgredreiing, mon tro?

Det er Ap, ikkje regjeringa, som går inn for tidenes usosiale skattelette for rike småbarnsforeldre. Regjeringa vil heller bruke det dette kostar (1-2 milliardar) til barnehageutbygging. Når alle som vil, får plass, er tida inne for evt. maks-pris.

Vil arbeidsløysa bli betre om ein brukar meir oljepengar? Dei aller fleste økonomar meiner nei, og åtvarar mot høg rente og sterk krone. Altså meir av det som no trugar og øydelegg mange arbeidsplassar.

At det er ideologisk avstandar mellom partia er bra. KrF er i sentrum av norsk politikk. Vi ynskjer ikkje så sterk statleg styring som Ap, korkje når det gjeld foreldre sine val om omsorg for borna eller skule. Heller ikkje når det gjeld øyremerking av midlane til kommunane. Vi meiner kommunane er godt i stand til å velje lokale løysingar.

Då Ap var i regjering, sat eg og kjende på at dei var høgrevridde. Kva er eigentleg Ap sine alternative løysingar?

TRUDE BROSVIK

SENTRALSTYREMEDL. KRF