Noverande avtale med grunneigar gir berre løyve til bruk av helikopter.

Dei store endringane i NATO medfører også store endringar i Noreg. I praksis medfører dette at utanlandske avdelingar skal inn i øvingsfelta i Troms og Finnmark (avisa Nordlys 13.11.02). Bombefeltet på Hjerkinn skal snart leggjast ned og Regionfelt Øst ved Rena skal bli eit nytt stort nasjonalt øvingsfelt (Dagbladet 4.11.02). Her skal det ikkje brukast bombefly.

Forsvarsministeren vil ha Voss-Mjølfjell som eit av tre strategiske satsingsområde innan Forsvaret i Noreg i tillegg til Finnmark og Indre Troms. Mjølfjell vert sagt å vera det einaste området i Sør-Noreg der Forsvaret kan øva med fly. Men da må bygdefolket, næringslivet og kommunen seia ja til auka aktivitet i området, understreka Krohn Devold på møtet til Voss Høgre 12.9.02 (Hordaland 14.9.02). Ho sa vidare at Voss må selja treningsmogelegheiter til dei andre NATO-allierte og tilby noko som ingen andre har, også fly— og vinterøvingar. Til Dagbladet seier ho at ein håper på økt alliert verksemd fordi vi har plass nok (22.11.02).

Men i ein tale i Den norske Atlanterhavskomité 30.10.02, understreka Forsvarsministeren derimot at: «Det er lite produktivt å protestere på forandringer som uansett vil tvinge seg frem. Norge skal vise evne og vilje til å tenke fremover. Våre allierte skal si «look to Norway»,» (Forsvarets Forum 22.11.02).

Mykje tyder på at Forsvaret har planane klare, og i desember i fjor avgjorde Forsvarets Overkommando kva som skal skje med dei 68 operative skytefelta på land og 65 i sjøområde.

Den planlagde aukande øvingsaktiviteten i Rjoandalen vil truleg medføra sterkt redusert og på sikt avstengd sivil ferdsle. Avlevering av skarpe våpen frå fly vil gi store støyplager langt utover sjølve øvingsområdet, som sjølve Voss, Vossestrand, Raundalen og ikkje minst sjølve Mjølfjell.

Kva så med forureininga? Rjoandalen, Såtedalen og Vetle Såtedalen er område som samlar mykje vatn. Det skal ikkje stor nedbør til for å gjera Rjoanåni til ei storelv. Forsvaret planlegg å fyra av 4,8 tonn fosfor i året i skytefeltet i Gråfjell på Austlandet (Dagbladet 4.11.02). Store mengder forureining vil verta vaska ut i Raundalselva som følgje av øvingane. I fjor sommar vart det sett daud fisk i vassdraget inne i Rjoandalen. I Reime-området er det sett ut fisk som trivast godt.

Etter mange tiår med Forsvaret på Mjølfjell, har hyttefolk med friluftsinteresser lært seg å omgåast dei militære, sjølv om øvingar og feriar stundom har falle saman.

Men no har det heile teke ei alvorleg vending. Konflikten i Haugslia og saka med Gurkabrua i Rjoandalen viser at Forsvarsdepartementet er på bana og at dei militære får det som dei vil (Hordaland 3.12.02, 24.10.02). Kommunen har svara (Hordaland 24.10.02) at tiltaka til Forsvaret er gjort i eit område som dei alt legg band på, og såleis ikkje i urørt natur. Det ligg såleis innanfor det ein kallar avgrensa tiltak.

Kva skal ein så kalla planane om flybombing i Såtedalen? Naturen vil her verta øydelagd fleire hundreår framover. Kva med det verna vassdraget?

Og kva med omsynet til hyttefolket på Mjølfjell og nabogrendene? Kva med dei næringsdrivande som satsar så framifrå på Mjølfjell? Kan ein venta at folk dreg på tur eller byggjer hytter til om lag ein million kroner like inntil eit moderne bombe- og øvingsfelt? Nei! Voss kommune kan ikkje med godt samvit ynskja velkomen hytte- og feriefolk samtidig som dei let Forsvaret realisera desse planane sine. Politikarane og leiinga i kommunen må ta forsvarsministeren på ordet og seia klårt ifrå at slik som det no ber i veg, slik vil vi ikkje ha det.

Av Herleiv Halland, for tiltaksgruppa hytteeigarar Mjølfjell