DEBATT

Av Sigrid Brattabø Handegard,

leiar i Hordaland Sp

På nokre få minutt i ei og same nyheitssending (NRK Dagsnytt 17. jan.) avslører Arbeidarpartiet at dei har eit rimeleg motstridande syn på tilhøvet mellom offentleg tenesteproduksjon, norsk eigarskap og EU-medlemskap.

Partileiar Jens Stoltenberg meiner Norge vil vera best tent med EU-medlemskap, og ser ja-vinden som no bles over landet som positiv med tanke på å få Norge inn i EU.

I eit anna innslag i same sendinga er leiar av næringskomiteen og partifelle Olav Akselsen bekymra over at staten sel seg ut av norske bedrifter, og at staten snikprivatiserer.

Beklagar, Ap, dette heng ikkje i hop.

«Et nytt Europa er skapt på markedsliberalismens grunn.» Dette var orda til Dannmarks statsminister då han avslutta EU-toppmøtet i København i desember.

Marknadsliberalismen sitt hovudbudskap er som kjent fri flyt av varer, tenester og kapital. Dette vil gje Norge endå meir av den politikken både Olav Akselsen og underteikna er bekymra for ikkje vil ivareta norsk styring over landet sine ressursar og velferdstilbod til innbyggjarane.

Skal me også i framtida vera «herre i eige hus» for å bestemma kva utvikling Norge skal ha, er det lite som samsvarar med EU-medlemskap, som betyr bl.a. at Norge må gje frå seg styringa med den økonomiske politikken. Me bur i eit rikt og godt organisert samfunn som gjev oss handlefridom til å bestemma kva Norge me vil ha. Me treng ikkje underkasta oss marknadsøkonomien, der det er avkastning og kapital som styrer retninga. Som ikkje ivaretek norske interesser på viktige samfunnsområde.

Me må ikkje stella oss slik at me ikkje kan velja verkemiddel som fremmar utviklinga av det samfunnet me ønskjer. Eit verkemiddel er å fjerna næringsnøytralitet i skattepolitikken, som vil gje oss moglegheit til å leggja til rettes for det næringslivet som på ulike område er viktig for Norge.

For Senterpartiet er nasjonal styring over viktige samfunnsområde som forvaltning av naturressursane, tilrettelegging av infrastruktur og næringsliv i heile landet, velferdstilbod til alle, uavhengig av tjukkleiken på lommeboka, heilt klare mål.

Dette er etter mitt syn nokre klare føresetnader som må liggja fast for eit evt. framtidig regjeringssamarbeid med Arbeidarpartiet.

Etter dei motstridande signala som Stoltenberg og Akselsen presenterte, er det nødvendig å stilla spørsmålet: Kva vil Arbeidarpartiet med Norge?