Av Ingunn Alver,leiar Norsk Lærerlag Hordaland

Perú si historie er prega av hundreår med europeisk kolonialisering og utbytting. Spanjolane ved Pizarro erobra landet i 1523.

Etter Napoleons-krigane var Spania sterkt svekka. Samstundes spreidde ideane frå den franske og amerikanske revolusjonen seg i heile Latin-Amerika. Frigjeringa gjekk som ei bølgje, leia av ei rad frigjeringsheltar. Den mest kjende var Simon Bolivar. Saman med José de San Martin leia han frigjeringa av Perú, som vart gjennomført i perioden 1821-24.

Perú var no etter grunnlova ein demokratisk republikk, med tredelt statsmakt. Men — utviklinga der vart den same som i mange andre latinamerikanske land. Meir og mindre demokratiske regime vart avløyste av diktatur, både sivile og militære.

Politikken var svært konservativ, og det veks fram ei streike- og demonstrasjonsbølgje på slutten av 70-talet. I 1980 måtte det siste militærregimet gje frå seg makta.

Alberto Fujimori, den japanske agronomen som dukka opp i valkampen i 1990, vann ein overraskande siger over forfattaren Mario Vargas Llosa. Inflasjonen var absurd stor, 75 prosent av folket var utan arbeid eller undersysselsette, utstrakt geriljaverksemd gjorde at 40 prosent av folket var i unntakstilstand. Vargas Llosa, kandidat for ein høgre-sentrum-allianse, sin bodskap var at landet trengte eit økonomisk sjokkprogram for å koma seg ut av krisa. Fujimori gjekk sterkt i rette med dette, og vart vald i andre valomgang. Folket hadde fått økonomiske sjokk så det klarte seg, og satsa på den nye og ukjende presidentkandidaten.

Det fyrste Fujimori gjorde, var nettopp å setja i verk ei økonomisk krisepakke. Politikken vart ekstremt nyliberalistisk, med privatisering av offentleg verksemd, fagforeiningsknusing, liberalisering av utanrikshandelen. Dei rikaste 10 prosent av folket tek mest halvparten av inntektene, og 70 prosent lever under fattigdomsgrensa. Fujimori sin politikk gjorde at ulikskapen berre voks. Gjennom grunnlovsendringar og knebling av politisk opposisjon har han likevel sete med makta heilt til han måtte flykte frå landet, totalt vanæra, etter korrupsjonsavsløringar i fjor.

Alejandro Toledo vart vald til Perú sin nye president 3. juni. Det peruanske folket fortener ein president som bryr seg om folket, som kan gje dei arbeid og eit betre liv.

Bergens Tidende syner ei påfallande mangel på interesse for denne delen av verda. Vi har tidlegare prøvd å tilby avisa stoff frå Perú, utan å få respons i det heile tatt. At utanriksredaksjonen ikkje ser ut til å prioritera Latin-Amerika er ein ting, noko heilt anna er det å skriva slik avisa gjorde 6. juni på leiarplass. Der vert det raljert over peruanarane, som har hatt ein japanar som president og no har vald ein indianar. Kva vert det neste, spør BT - ein vegetarianar?

Det er kanskje tenkt å vera morosamt, dette. Slik det står, vert det latterleggjering av eit heilt folk.