1. mai kan verte ein lagnadstung dag for Belgia, skriv Vicky Ackx, Master i European Studies frå Katholieke Universiteit, Leuven i Belgia. Ho arbeider ved ARENA-programmet ved Universitetet i Oslo.

I slutten av mai reiser det norske kongeparet på statsbesøk til Belgia. Men først, i dag den 18. mai, er det val til det føderale parlamentet i dette merkelege landet midt i vår eigen verdsdel. Belgia er eit kulturelt delt land, men med fred mellom folkegruppene og velfungerande politiske institusjonar. Stor framgong for flamske separatistar ved valet kan likevel setje heile det belgiske statssystemet i fare.

BELGIA FEKK SJØLVSTENDE i 1830 etter at ein koalisjon av katolikkar og franskspråklege gjorde opprør mot det hovudsakleg protestantiske og nederlandskspråklege Sameinte kongedøme for Nederlanda. Det sjølvstendige Belgia vart ein svært sentralisert og franskspråkleg stat, trass i at fleirtalet av folkesetnaden ikkje snakka fransk, men nederlandsk. Den flamske, nederlandskspråklege, rørsla vaks utover på 1800-talet, men nederlandsk vart ikkje offisielt språk i Belgia før i 1898. Territorial einspråklegheit (nederlandsk i Flandern, fransk i Vallonia) vart fastsett i 1932. Til dette kjem eit tyskspråkleg område aust i Vallonia som tilfall Belgia etter første verdskrigen. I Brussel, ei i dag for det meste fransktalande øy omringa av Flandern på alle kantar, er både fransk og nederlandsk offisielle språk. I Belgia som heilskap er nederlandsk, fransk og tysk alle offisielle. Dette kan få merkelege utslag. Då den belgiske kronprinsen gifta seg seinhausten 1999 måtte både kardinalane, prinsen og prinsessa snakke tre språk i kyrkja. Under avspeling av nasjonalsongen på fotballkampar vert to strofer sunge på nederlandsk, to på fransk og to på tysk — eit typisk belgisk språkkompromiss!

Språklege og regionale motsetnader har utgjort hovudkonfliktane i belgisk politikk dei siste tiåra. Føderaliseringsprosessen starta for alvor i 1970, og med fire store statsreformer fram til 1993 fekk Belgia ei ny føderal grunnlov. Det vart etablert ein føderal stat (Belgia) med tre regionar (Flandern, Vallonia og Brussel) og med tre «samfunn» (det flamske samfunn, det franske samfunn og det tysktalande samfunn). Ein nederlandskspråkleg innbyggjar i Brussel er altså både medlem av det flamske samfunn og borgar i regionen Brussel. Regionane og samfunna har ulike ansvars- og kompetanseområde. Regionane og samfunna har sine eigne parlament og sine eigne regjeringar.

SIDAN FØDERALISERINGSPROSESSEN starta har dei tre tradisjonelle einskapspartia, dei liberale, kristnedemokratane og sosialistane, alle vorte splitta i lingvistisk uavhengige parti. Føderaliseringsprosessen har vore driven framover av moderate, kompromissviljuge parti i maktas sentrum, særleg dei flamske kristnedemokratane (CD&V) og dei fransktalande sosialistane (PS). Desse har vore hovudpartar i forhandlingane av alle dei viktige statsreformene. Men desse moderate sentrumspartia har vore under konstant press frå meir ekstreme regionalistiske parti. Det største av desse no er det flamsknasjonalistiske Vlaams Blok. Resultatet er stadig nye overføringar av makt og kompetanse frå sentralstaten til regionane og samfunna. På dagsordenen no står ei enda meir desentralisert form for statsforfatning - konføderalisme - ei friviljug sameining av delstatar. Ein del av mobiliseringsgrunnlaget i Flandern er dei store økonomiske skilnadene mellom landsdelane. Flandern er mykje rikare enn Vallonia, og mange ønskjer å få slutt på dei økonomiske overføringane frå nord til sør.

Trass presset frå separatistiske regionalistar er Belgia framleis éin stat. Dette skuldast ein sterk politiske vilje i sentrum til å halde landet saman, samt ei vilje og ei evne til å tilpasse dei politiske institusjonane til ei ny politisk røynd kor folk i regionane kravde meir makt og autonomi og kor regionalistiske krefter spela på gamle motsetnader mellom folkegruppene. Det oppsiktsvekkjande resultatet er at Belgia, sjølv med store og samanfallande politiske konfliktar - geografisk, språkleg-kulturelt og økonomisk - likevel er eit fredfullt og politisk stabilt land. Slik sett kan Belgia fungere som inspirasjonskjelde for andre splitta land rundt om i verda og for utviklinga av regionanes Europa.

VALET I DAG VERT SVÆRT SPANANDE. I Flandern ser det ut til at fire parti vil få om lag ein femdel av røystene kvar; litt over 20 prosent for dei liberale (VLD) og kristnedemokratane (CD&V) og litt under 20 prosent for sosialistane (SP.A) og dei flamske separatistane (Vlaams Blok). I Vallonia ligg sosialistane (PS) an til å få om lag ein tredel av røystene, dei liberale (MR) ein firedel og kristnedemokratane (CDH) og dei grøne (Ecolo) om lag 15 prosent kvar. I Brussel konkurrerer alle desse åtte partia og fleire til. Dei fransktalande liberale (MR) har størst oppslutnad i hovudstaden. Kva regjeringskonstellasjon dette kan leie til etter valet er vanskeleg å seie. Det er godt mogeleg at den noverande koalisjonen av seks parti (to liberale, to sosialistiske og to grøne) kan halde fram, men ulike samansetningar med kristnedemokratane er òg mogeleg.

Det største usikkerheitsmomentet er likevel oppslutnaden om Vlaams Blok. Dette partiet ønskjer ei oppsplitting av Belgia og eit uavhengig Flandern med Brussel som hovudstad. Internt i partiet lever dessutan ideen om eit Stor-Nederland som inkluderer Nederland, Flandern, Brussel og delar av nordregionen i Frankrike, blant anna med byen Lille. Ved valet i 1999 fekk Vlaams Blok 15,9 prosent av røystene i Flandern. Dei siste meiningsmålingane viser no ein oppslutnad på 17,4 prosent, men Vlaams Blok får vanlegvis fleire røyster i val enn det meiningsmålingane tyder på. Den høge oppslutnaden om Vlaams Blok skuldast ikkje berre deira separatistiske mål, men først og fremst deira høgreradikale protest mot innvandring, kriminalitet, arbeidsløyse og det politiske systemet generelt. Ingen andre politiske parti, med eit mogeleg unntak for det vesle, og litt mindre radikale flamsknasjonalistiske partiet N-VA, vil samarbeide med Vlaams Blok. Det er med andre ord politisk semje om å isolere Vlaams Blok så godt det let seg gjere. Å gje eit så radikalt, separatistisk parti del i makta, vil setje heile den belgiske statsstrukturen i fare - og er difor utenkjeleg. Samstundes er det ein reell fare for at Vlaams Blok gjer eit så godt val at det vert vanskeleg å danne fleirtal utan støtte frå dei, sjølv om ein storkoalisjon av alle parti mot Vlaams Blok òg er mogeleg.

KVA FRAMTID HAR SÅ BELGIA? Nokre meiner at landet sakte glir frå kvarandre og at dette vil ende med ei total splitting, men set sin lit til at dette i beste belgiske tradisjon vil gå føre seg på ein fredsam måte, ved forhandlingar. Andre legg vekt på alt som framleis held Belgia saman; kongehuset, fotballandslaget, Brussel si sentrale plassering, medlemskapen i EU og ein vilje både blant den politiske eliten og blant eit fleirtal i folket til å halde saman. Så lenge dei store moderate partia på kvar side av språkkløfta ser seg tente med å samarbeide om styringa av landet, vil Belgia framleis kunne vere ei fredeleg politisk eining. Dette krev politisk vilje og vidare tilpassing av dei sentrale institusjonane. Men til sjuande og sist er det folket i val som avgjer. 18. mai kan verte ein lagnadstung dag for Belgia.