Han uttalte: «Jeg har selv hørt en av kvinnene fortelle sin historie to ganger. Det er ikke alltid like lett å skulle høre det samme flere ganger. Har man god tid, kan man jo endelig snakke med disse menneskene, for å si det litt spøkefullt.»

Mange menneske har blitt utsett for ulike grove former for overgrep av tilsette i ein offentleg barneheim i ei årrekkje, og fått livet sitt øydelagt. Og kva opplever dei i dag frå varaordføraren? Med sine uttalingar gjer han mest eit nytt overgrep. Han syner total mangel på empati med sine uttalingar, og kva menneskesyn har han eigentleg? Tenk, han måtte høyre på ei av kvinnene som fortalde si historie, ikkje berre ei gong, men heile to gonger. Tenker han på kor mange som eigentleg har fått liva sine øydelagt innanfor det offentlege hjelpeapparatet?

Vi treng politikarar som viser forståing og lyttar til opplevingar, slik at dei kan lære av tidlegare hendingar og hindre at dei skjer igjen. Vi treng politikarar som kjempar mot all form for urett, og er villige til å stå opp for den einskilde. Eg er så fri at eg minner politikarar som varaordføraren på kva Arnulf Øverland seier i diktet «Du må ikke sove»: «Du må ikke sitte trygt i ditt hjem og si: Det er sørgelig, stakkers dem! Du må ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer deg selv! Jeg roper med siste pust av min stemme: du har ikke lov til å gå der og glemme!»

JORID VALESTRAND