Ville det spela noko rolle for deg om bomba du fekk i hovudet var ei bombe for demokratiet?

Ikkje stemmer det heller, ser ein nærare på amerikansk og britisk politikk dei siste tiåra, er det lett å gjennomskua dei. Det mest praktiske for amerikanarane er ikkje eit regimeskifte i Irak, men eit leiarskifte. Dei vil byta ut Saddam med Saddam Light. Ifølgje berekningar gjort av det amerikanske magasinet Newsweek vil det kosta mellom 70.000 og nærare 300.000 sivile irakarar livet. Andre trur på endå høgare tapstal.

Er det verd prisen? Neste gong du ser George junior snakka om krig på fjernsynet kan du tenkja over kva krig eigentleg er. Den erfarne BBC-korrespondenten John Pilger fortel frå Vietnam:

«Eg sklei i restane av ein bøffel og ramla hardt i ei grøft fylt av kroppsdelar og heile barnekroppar — slengt i vêret av eksplosjonar. Skinnet til borna hadde krølla seg tilbake og viste fram blodårer og brent kjøt som blodet rann frå, medan auga var heile og stira rett fram. Eit lite bein var blitt så øydelagd av bombenedslaget at det såg ut som foten vaks ut frå ei skulder. Eg kasta opp.»

— Det er krigen sitt sanne ansikt, skriv Pilger? Vil du få sjå det på satellitt-tv når Irak blir angripe? Eg tvilar på det.

Laurdag 15. februar demonstrerer folk over heile verda mot krig i Irak, også i Bergen og på Voss. Bli med og sei: «Krig i Irak? Ikkje i mitt namn!»

ØYVIND STRØMMEN,FRILANSJOURNALIST, VOSS