Av Ove Arne Olderkjær

I mange år har høyrselshemma funne seg i å betala den såkalla servicegodtgjersla når nye høyreapparat er delte ut av utvalte optikarar. Men godtgjersla er i strid med Rikstrygdeverkets refusjonsavtale på området. Det har også helseminister Dagfinn Høybråten slege fast overfor Stortinget.

Frivillig

— Vi held på å leggja om praksisen, slik at det blir frivillig om brukaren skal betala dei 350 kronene eller ikkje, seier Asgaut Warland, sjef ved Høresentralen ved Haukeland sjukehus.

— Men alternativet er at dei som ikkje betalar denne godtgjersla eller forsikringa i staden må betala kostnaden kvar gong høyreapparatet blir levert inn for reparasjon eller vedlikehald. Ein del brukarar risikerer å koma dårlegare ut om dei ikkje betalar den faste summen på 350 kroner, seier Asgaut Warland til Bergens Tidende.

«Sjokkpris»

I januar var gebyret «Ukens sjokkpris» i Bergens Tidende, med referanse til ein Bømlo-mann som måtte reisa til Stord for å få utlevert høyreapparatet sitt. Med bompengar kosta det han 510 kroner.

TV 2s «Rikets tilstand» sette søkelys på høyreapparatgodtgjersla sist haust, med utgangspunkt i at ein høyrslesentral på Romerike hadde sett gebyret til vel tusen kroner.

I Noreg er det om lag 600.000 høyrslehemma. I Hordaland formidlar Høresentralen og Bergen Hørselinstitutt årleg vel 5000 høyreapparat. I distriktet blir apparata delte ut av godkjende optikarar i Odda, på Stord, Voss og på Isdalstø.

Nesten hundre prosent av alle høyreapparat som blir tekne i bruk er no digitale. Høyreapparat er i utgangspunktet gratis for brukaren. Men det er sett ei øvre kostnadsgrense på 5400 kroner for slike apparat. Det mest populære høyreapparatet kostar i dag om lag tusen kroner meir enn det, ifølgje Asgaut Warland ved Høresentralen.