— Om det er som å få ein ny gut? Ja, det er bra sikkert, seier far Simon Jenssen fornøgd. Sonen Øyvind sit på motsett side av bordet, og smiler tilbake. Det er vanskeleg å tru at denne rolege, blide åttandeklassingen inntil nyleg hadde store konsentrasjonsproblem.

— Før var han ikkje nedpå! Han var veldig hyper, ingenting skjedde fort nok, heile tida måtte han ha noko å gjera på. Stadig vekk ringde lærarane hans frå skulen, og eg tenkte: «Kva er det denne gongen?», fortel faren til BT.

La om kosthaldet totalt

I vår fekk Øyvind tilbod om å testa seg mot matintoleranse ved Vital Naturterapi på Nesttun. Tilbodet fekk han gjennom Stiftelsen Motivasjon & Mestring (tidlegare Stiftelsen Helt), der han har vore elev ein dag i veka dei to siste åra.

Stiftinga i Bergen er eit praktisk opplæringstilbod innan kystkultur, friluftsliv og handverk for skuleelevar, som av ulike grunnar ikkje finn seg heilt til rette i skulekvardagen.

Alle elevane fekk tilbod om å testa seg.

— Først sa eg nei. Tenk å måtte slutta med snop hvis dei fann ut at eg ikkje tålte sukker!

Men så sa Øyvind ja, likevel, og fann ut at han ikkje tåler sukker, mjølk og penicillin. Saman med foreldra la han om kosthaldet heilt, og resultata har ikkje latt venta på seg.

Sukkerfritt snop og sjoko-soya

— Eg er blitt mykje rolegare, og får meir skryt på skulen. Eg jobbar meir, er meir konsentrert og får betre karakterar enn før, fortel Øyvind stolt.

— Men det må vera tøft å slutta heilt med snop?

— Eg et litt av og til, kanskje ein gong i månaden. På helsekostforretningane har dei dessutan sukkerfritt snop, kjempegod saft og sjoko-soyamjølk. Og så et eg chips. Det går heilt fint.

KUTTA UT SNOP: 14 år gamle Øyvind Jenssen har fått eit nytt og betre liv etter at han slutta med sukker og mjølk. Han er blitt rolegare og meir avbalansert, og har med seg ei betre karakterbok heim til far, Simon Jenssen.
FOTO: EIRIK BREKKE