Av Sjur Didrik Flåm

Somme her i byen har det svært travelt med den statlege kyrkja, men mest med såkalla organisatoriske grep og mindre med innhaldet. Sist januar vart kyrkjelydane i sentrum difor slått saman under namnet Bergen Domkirkes menighet. Og seint i august spratt det opp eit kulturutval der som «skal ta initiativ til, samordne og videreutvikle de kulturelle arrangementer i kirkene i Bergen sentrum». Ikkje overraskande har utvalet fått eit sentralistisk og vidt mandat som nemner kultur og arrangement to gonger i kvar line. Følgjeleg ber utvalet no kommunen om å få tilført samla løyving for komande år til kyrkjekulturelle føremål.

Kven driv dette fram ? Eg ser at Johan Fredrik Kroepelin sit som leiar og at kyrkjeverje Gunnar Wik er langt framme i flokken. Eit underutval skal letta arbeidet deira. Der sit også Kroepelin som leiar. Dessutan, heiter det i brevet til kommunen, vil ein halda nær kontakt med ei gruppe nedsett av Bergen Kyrkjelege Fellesråd som skal greia ut framtidig bruk av St. Jacob kyrkje. I den gruppa sit mellom anna Johan Fredrik Kroepelin og Gunnar Wik. Kort sagt, nokre har mange stolar å sitja på og mykje å styra med.

Kva vil desse folka ? Svaret synest enkelt: Dei vil ha grep om alle pengane, om makta og æra i all æva. Amen. Andre skal, som tenesteytande underavdeling, få lov til levera kulturgoder og vera glad til.

Kva oppnår desse folka? Ikkje så reint lite. I staden for frivillig innsats får vi enno eit offentleg utval — eit med eige arbeidsutval og kunstnerisk råd. Der vi no har glødande pågangsmot, der får vi avkjølt byråkrati. Eit veksande og fordelt mangfald blir erstatta med sentralisert organisasjon. Kort sagt: Her kjem mykje papir i staden for paukar.

Eg meiner vi får meir av kultur i kyrkja utan eige utval - og då større mangfald. Nokre av dei som står sentralt i denne sentraliserte samanhangen, har eg lite tru på. Lengtar nokon etter å vera med i eit slikt utval, så for all del: Desse må gjerne tilby sine tenester. Men utvalet må ikkje - etter å ha eksistert eit par månader, heilt utan merittar - brått få «det overordnede ansvar for kulturelle arrangementer i kirkene i Bergen sentrum». Desse energiske figurane fortel oppriktig i brevet datert 21.11. til kommunen at «Vi har tatt de nødvendige organisatoriske grep ...» Dette grepet liknar ei klo i det dei konkluderer: «På denne bakgrunn søker vi om å få tilført til kulturutvalget for sentrumskirkene i Bergen kommunens samlede bevilgninger for 2003 til virksomhet som faller inn under utvalgets ansvarsområde.»

Det er fare for at kommunen blir forført av denne konfiskatoriske bøna. Kommunen har alt samtalt med nokon om organisering av kyrkjekultur her i byen. Gjett med kven? Heilt rett! Med Gunnar Wik. Skal det bli slik at der byråden og politikarane før prioriterte, der får Wik (og Kroepelin) no lov til å gjera det?