Debatt

Margret Igland,

Leikanger

Det vert gjort ved å setje kunstnarsenteret i ein kalkulert tvangssituasjon.

Dei 14 kunstnarsentra i landet representerer eit mangfald av institusjonar. Mange har reorganisert seg og spesialisert seg på ulike felt, for å dekke opp eller utvikle institusjonen, etter lokale, regionale eller nasjonale behov, slik også kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane har gjort. Samstundes utgjer dei eit nettverk som dekker heile landet.

Den nyss utkomne kunstnarsenterutvalets rapport frå hausten 2002 stadfestar rolla til kunstnarsentra i landet. Den set klare kriterium for kva eit kunstnarsenter er, korleis det skal styrast og korleis det skal take vare på sin eigenart. Sogn og Fjordane kunstnarsenter kan ikkje samanslåast med Sogn og Fjordane kunstmuseum etter desse kriteria. Kunstnarsenteret er eigd av kunstnarorganisasjonane og har funksjonar og interesseområde som er meir direkte knytta til kunstnarstyring, kunstnarane sine arbeidsmogelegheiter og kår enn andre kunstinstitusjonar. Desse funksjonane vil ikkje kunne sameinast med drift av eit museum.

Kunstnarsenteret vert no strypt økonomisk år for år. Den offisielle grunnen til det økonomiske presset på kunstnarsenteret er bortfall av øyremerka midlar frå staten. Den argumentasjonen har berre vore eit skjul for ein annan agenda: Å bygge opp Sogn og Fjordane kunstmuseum på kunstnarsenteret si kostnad. Det har heile tida berre vore snakk om småpengar for å oppretthalde kunstnarsenteret. Når no fylkeskommunen nyleg har auka langtidsbudsjettet med ni millionar kroner til kulturføremål i høve til tidlegare løyvingar, er det klart at politikarane har stort handlingsrom dersom dei vil ta vare på kunstnarsenteret!

Andre modellar for drift av kunstnarsenteret som til dømes å la kunstmuseet få overta utstillingsverksemda, og la kunstnarsenteret få ta seg av andre viktige oppgåver for kunstnarane og å stimulere kunstnarmiljøet i fylket, blir heller ikkje vurderte.

Vert kunstnarsenteret tvinga til samanslåing med museet, vert det samstundes nedlagt.

Fleire kunstinstitusjonar er invitert til å gå inn i samanslutninga Sogn og Fjordane kunstmuseum. Det er interessant å sjå at Musea i Jølster: Eikaasgalleriet og Astruptunet, har valt å halde seg ute frå samanslutninga, nettopp fordi dei vil ta vare på sitt særpreg og handlefridom. Det burde spore til ettertanke for kvar ein ...

Kunstnarsenteret vert halde i ei skrustikke i denne saka, og kunstnarane står i fare for å verte den tapande part. Dersom kunstnarsenteret vert nedlagt, misser Sogn og Fjordane tilknytinga si til eit landsdekkjande kunstnarsenternettverk, ein kommunikasjonskanal til kunstnaraktivitetar i heile landet og eit interessefellesskap. Dette interessefellesskapet er særs viktig for eit fylke som heilt manglar ein politikk for kunstnarane sine.

I heile denne prosessen har vi etterlyst ei kunstpolitisk grunngjeving for kvifor dette må skje med kunstnarsenteret. Det har vi aldri fått svar på.

Samanslåingsprosessen har vore styrd mot avgjerd tatt på førehand, og den kvalifiserer til eiga sak for kontrollutvalet i fylkeskommunen.

Skal kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane verkeleg verte nedlagt utan grunn?