Forfattarkollega og akta «enfant terrible» Tom Wolfe hevda frimodig («The Painted Word» 1975) at det går eit skilje mellom Braque og Picasso: Etter Georges Braque, kubismens mindre kjende opphavsmann, tek teorien om kunsten over for sjølve kunsten. Frå og med Pablo Picasso blir kunsten verdsett etter kor stor evne den har til å skape merksemd. Kunstverket er etter kvart så avhengig av kuratoren og kritikaren si tolking og media sine kommersielle interesser at ein kan stable den omtalte kunsten vekk i kjellaren og i staden stille ut teksten. Wolfe siterer også den kanadiske medieeksperten Marshall McLuhan («The Media Is The Message» 1967) som har sagt: «Folk les ikkje morgonavisa, dei søkk ned i den som i eit varmt bad.»

«Politikar-ja til skulptur» melder lokalavisa og gjev kulturinteresserte lesarar i Sunnfjord eit morgonbad med heitebølgjer resten av dagen. Det gjeld ein skulptur som Stig Eikaas har freista å selje til Førde kommune. Skulpturen skal framstille biletkunstnaren Oddvar Torsheim, men kommunen sa nei til å betale for eit kunstobjekt som ikkje held kunstneriske mål. Etter at privatmannen Bjarne Huus tok på seg kostnadene med skulpturen overprøver Førde kommune alle faglege og folkelege instansar og seier no ja til å plassere den hjelpelause statuen midt i bybiletet. Samstundes kjem det framlegg om at den aktuelle parken skal døypast om til Nynorskens skog.

Lat oss gløyme alle dei fine orda om å gjere kunst og kultur til fylket si merkevare. Gløym kulturkontoristane sine vyar om å gjere Førde til Norges svar på Bilbao. Kulturutvalet i det sjølvutnemnde fylkessenteret i Sogn og Fjordane visar sitt rette andlet. Andletet er hogge i granitt og signert den kjende familieimitator Stig Eikaas. Det er ikkje berre sakkunnige kuratorar, fagutval og hardtarbeidande, sjølvkritiske kunstnarar som ristar på hovudet. Også granitten set seg imot slik handsaming.

Frå første november vil alle som vitjar Førde vere vitne til at norsk naturstein har meir bein i nasen enn det samla oppbodet av kulturpolitikarar, kulturkontoristar, kunstnarar, og kunstkritikarar i Sogn og Fjordane. Vi vil sjå resultatet av privat kunstentusiasme og kulturpolitikk med adventskrans som standard. Personen som har stått modell for den paralyserte kunsten og kunstdebatten — kunstnaren Oddvar Torsheim - vil kan hende få tilbod som omvisar i «Nynorskens skog» (hans eiga omsetjing av «Norwegian Wood» ein av Beatles' mest kjende hasjhildringar) for å fortelje hordane av kunstinteresserte om meininga med det å vere kunstnar.

Av Ivar Orvedal