Av SIGBJØRN HAUGE, NESTLEIAR HORDALAND SENTERPARTI

Bergens Tidende hadde sundag ein interessant artikkel om kulturlandskapet vårt. Landbrukdirektøren uttrykkjer sterk bekymring for at landskapet gror til og blir nedbygd.

Underteikna er og bekymra for dette.

Den som har skapt kulturlandskapet er bonden og det er også han som vedlikeheld det. Men kva ser ein? Jau ein landbrukspolitikk som medfører at fleire og fleire må slutta i yrket, og bø og eng gror til. Samtidig finn dei som legg ned at å selja eit tomt og to og tre gir betre forrenting enn nokre saueskrottar. Bonden av i dag blir og til dels oppmunta av sentrale myndigheiter til å legga ned, då ein til stadig får høyra at ein er for små og lite effektiv.

Nei, ynskjer me eit velstelt kulturlandskap, og vil ein hindra nedbygging, er den beste måten å gjera dette på å gi bonden ei utkoma som gjer det interessant og driva. Det må vera fornuftig at bonden produserer god og rein mat, samtidig som ein kan oppretthalda eit flott kulturlandskap. Svaret kan vel ikkje vera at ein skal tilsetja folk for å rydda og stella dette berre for «moro». Truleg vil dette og bli dyrare.