Den militære magasinbygningen frå 1883 har fått nytt innhald.

Kulturverkstaden Magasinet, skipa som ei stifting, har overteke den svære lagerbygningen, rusta han opp, og skapt tilhaldsstad for ei rekke kunstnarar, handverkarar og andre kulturarbeidarar.

Held på det gamle

Magasinet er bygt i grovt tømmer, dels lafta og dels grindbygd. Stiftinga har lagt vekt på å halda på det gamle preget, samstundes som ein moderniserer til dagens krav om komfort, lys og luft på ein arbeidsplass, fortel styreleiar Matias Ringheim til Bergens Tidende.

Mest arbeid er lagt ned i golvet under bygningen. Det solide, men ujamne tregolvet er teke opp. På jordgolvet under, er det støypt isolert betonggolv. Det er også isolert mot ytterveggar.

Alt utleigd

Første byggesteget er fullført, og alle dei ferdige lokala er utleigde. Seinare skal det i første høgda innreiast eit felles sals— og utstillingslokale, gjerne med kafé.

Kulturverkstaden Magasinet er arbeidsplass for 10 kulturarbeidarar, mange av dei tilflytta frå andre delar av distriktet og landet. Dessutan har rundt 15 medlemer av Voss Husflidlag tilhald i ein felles treverkstad.

Stiftinga har som føremål å legga til rette for kulturaktivitetar og kulturbasert næringsutvikling på Voss, ikkje berre ved å skaffa utøvarane rimelege lokale. Utveksling av erfaringar og kunstnarleg/handverksmessig utvikling har også høg prioritet. Største ressursane går med til drift, vedlikehald og utbetring av Magasinet.

Her er lista over leigetakarane:

Gjertrud Karevoll Berge, glaskunst. Tommy Lindgren, glasarbeid og keramikk Rannveig Djønne, naturforvaltning og musikk. Kristian Finborud, grafikk Åsne Slaattelid, biletkunst Bodil Rørvik-Larsen, teikning og foto Matias Ringheim, foto Gro Nesheim Øvsthus, keramikk Bergfrid Mørkve og Geir Nymark, treskjering og foto «Trebua» (medlemer av Voss Husflidlag), trearbeid.

NABO-VITJING: Biletkunstnaren Kristian Finborud på vitjing i keramikkverkstaden til Gro Nesheim Øvsthus.
FOTO: ARNE HOFSETH