Det var i går ettermiddag at tilsette oppdaga at vatn rann og draup gjennom alle tre høgdene i bygget. Ti rom, konferanserom og gangar har fått skadar etter vasslekkasjen. Årsaka er truleg at sprinkleranlegget, som skal hindre brann, har frose og slått sprekker i den sterke kulden.