TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.no

Verst ute er Sogn. I Lærdal har kommunetilsette arbeidd på spreng heile helga for å halde vassforsyninga til sentrumsområdet på Lærdalsøyri. Med hjelp av ein brannbil som pumpar vatn frå Lærdalselvi greidde dei å halde lærdølene med vatn i helga. Problemer er at vatnet frys i slangane, og det kan fort verte aktuelt å stengje av vatnet til deler av sentrumsområdet. Dersom det skjer vil kommunen gje sjukebhuset og aldersheimen førsteprioritet.

Men også i andre bygdelag langs Sognefjorden minkar det på vatnet. I Balestrand er vasskjelda som forsynet kring 1000 innbyggjarar i sentrum i ferd med å gå tom, og kommunen vurderer i føremiddag kva tiltak dei skal setje inn.

I Høyanger er Vadheim vassverk ute av drift. Grunnen er lite tilsig av vatn, men plan— og utviklingssjef Jostein Nyland reknar med normal vassforsyning i løpet av dagen.

Og i Selje held alle dei tilsette i kommuneadministrasjonen seg heime i dag. Då dei kom på jobb i dag tidleg var temperaturen nede i 10 grader. Grunnen var at sentral-fyringsanlegget hadde brote saman, melder NRK Sogn og Fjordane. Anlegget er no reparert, men det er for kaldt på kontora til at det er råd å jobbe der.

Også mange gardbrukarar har problem med vatn som er frose, eller rett og slett mangel på vatn.