Av Olav RevheimLonevåg

Spreiing av kugalskap innafor store område i EU og utbrot av munn— og klauvsjuke i England og Irland, og no i Frankrike, har sett fokus på samanhengen mellom eit djupt kriseråka husdyrbruk, og politiske og marknadsstyrde krav om billegare matvarer.

Bønder over heile verda har visst at krav om auka effektivitet og kostnadssenkande tiltak, kan koma på kollisjonskurs med naturen sine lover. Dette baserar seg m.a. på røynsle i generasjonar for at matvarer er «levande produkt», også under foredling og marknadsføring.

Fagleg kunnskap innan tradisjonelt landbruk er i dag i ein sum god nok til å driva ein forsvarleg matproduksjon. Problemet, slik det vert synleggjort innafor EU, oppstår når politisk styrde krav om støtt billegare mat vert kombinert med marknadskrav om kostnadssenking og profitt, noko som lett utgjer økonomisk overstyring av faglege rammer. Primærprodusenten (bonden) vert ofte regulator for økonomien i matproduksjonen, og kan for ei tid pressast til å produsera med låg eller inga inntening for å tilfredsstilla marknaden sine krav. Økonomisk mishandling av bønder, med støtt endra og innskjerpa rammevilkår, slik ein har sett m.a. i engelsk jordbruk, fører lett til desperate snarvegar i produksjonen, som kan kosta dyrt.

Det vil vera ein tilnærma «god dag mann – økseskaft» politikk, om eit politisk fleirtal her i landet brukar landbrukskrisa i EU som påskot for støtte til omlegging til økologisk drift i Noreg, slik sjølvutnemnd «forbrukarminister» Bjarne Håkon Hansen, med støtte av statsministeren, har teke til orde for. Omlegging til økologisk drift på global basis, utan bruk av kunstgjødsel, vil føra til matvarekrise, fordi kunstgjødselen skaffar fram ein vesentleg del av verda sin matproduksjon. Ei slik omlegging her i landet ville føra til ei unødvendig nedbygging av norsk jordbruk, med tilsvarande trong for auka import.

Uansett vil det vera ei grov forenkling å setja økologisk drift som alternativ, når problemet er eit rått styrd marknadsøkonomisk system, med omfattande krysstransport i alle ledd, der ein klart bryt med det ein kan kalla fagleg kunnskap i tradisjonell matproduksjon. Det bør heller vera ein urovekkjande tankekross for samfunnsmedvitne politikarar, at viktige faglege kunnskapar synest å vera fråverande, når ein overlet til marknadsøkonomar å leggja rammevilkåra for produksjon og omsetning av matvarer globalt, gjenom WTO, som om det galdt forsyning av t.d. fem toms spikar til verdshushaldet.

Dersom ein dialog med verda sine marknadsøkonomar skulle avdekka at dei veit syrgjeleg lite om biologi, kunne ein kanskje få dei i tale med eit enkelt spørsmål, meir på eigen banehalvdel: Er det økonomisk forsvarleg å laga billeg mat med så ufatteleg store kostnader som det ein ser innan EU i dag?