Av Elias Bolstad,sauebonde frå Luster og medlem av Rovdyrutvalet i Sogn og Fjordane

Alle er sjølvsagt meiningsberettiga i kva utbreiing dei store rovdyra skal ha i landet vårt. Normalt ville eg ikkje ha kommentert slike innspel dersom dei kom frå «meinigmann». Men det bør kunna stillast noko større krav til kunnskap og seriøsitet hjå ein professor ved Zoologisk institutt i Bergen enn hjå folk flest. Kryvi burde også ha så stor respekt for dei husdyrhaldarar som har rovdyrproblem, at han held seg for god til å koma med slike lettbeinte utfall mot ei heil næring.

I Stortingsmelding nr 35 (1996–97), «om rovviltforvaltning» og inst. Snr. 301 er Stortinget sine råmer for forvaltninga av dei store rovdyra gjevne. Eg vil ikkje referera i detalj kva som står der, men syna til at prinsippet Stortinget har valt er å skilja rovdyr og beitedyr slik at ein prøver å unngå dei store konfliktane. Dette er eit prinsipp alle politiske parti var samde om ved handsaminga av rovdyrmeldinga.

Med omsyn til om rovdyr er fårlege for menneske eller ikkje, er dette eit diskusjonstema også mellom fagfolk. Faktum er at mange av dei som bur i «ulveområda» på Austlandet, har avgrensa turane sine i skog og mark mykje i frykt for ulv. Eg vil tru at det same ville vera tilfelle på Vestlandet om me fekk faste ulvefamiliar etablert her.

Men eg tykkjer det er ei beklageleg haldning som kjem til uttrykk i intervjuet ved at det er greit at sau på beite vert drepne av rovdyr. Eg bur i Luster kommune og har sauer på beite i Mørkridsdalen. I dei siste fem åra har me hatt til dels store og veldokumenterte sauetap til jerv. Eg kan opplysa Kryvi om at jerven ikkje treng å vera ein «human slaktar». Me har mange døme på at sauer vert skadde og kan gå i dagevis enten med så store og som regel betente sår at dei etter kvart kreperar. Topografien er også slik i våre område at det er ikkje alltid like enkelt å finna skadde dyr og få dei avliva. Hovudårsaka til at saueeigarar går med våpen er avliving av skadde sauer.

Eg vel å tru at vankunne og/eller feilsitat er hovudgrunnen til Kryvi sine lettbeinte utsegner om dette alvorlege problemet.

Eg skal vera samd i at det døyr altfor mange sauer på fjellbeite. I våre fjellområde har tapa lege i underkant av tre prosent før rovdyrproblemet tok til. Mykje vert gjort og meir kan gjerast for å få ned tapa på beite. Det vil føra for langt å koma nærare inn på dette her.

Eg er samd med Kryvi i at det hadde vore ynskjeleg med gjeting av sauene på beite. Men dette er først og fremst eit økonomisk spørsmål. Med den økonomien ein har i landbruket generelt og sauehaldet spesielt, er gjeting ikkje økonomisk forsvarleg. Ein treng ikkje vera nokon stor spåmann for å fastslå at ein «rovdyrinvasjon» i våre fjellområde ville føra til at småfenæringa i den form me kjenner ho i dag vert avvikla. For dei aller fleste vestlandsbønder er det ikkje aktuelt eller praktisk muleg å halda sauer på heimebeite om sommaren.