Slik går det når «Skikk og bruk», Cappelen 1960, er autoriteten, og ikkje Gudstenestebok for Den norske kyrkja, Andaktsbokselskapet 1992. Der står det, – som ein tv-kommentator alt under sending forundra hadde oppdaga: «Brudeparet kan gå saman fram til koret og setja seg ved sida av kvarandre.

Eventuelt kan ein representant for familien følgja brura fram til plassen i koret.» Eventuelt vil altso her seia «mot normalt»!

Den gamle brudlaupsskikken utover landet var vel elles oftast at vigsla kom til slutt i gudstenesta, og brudefolk etter tur gjekk fram til altaret og vart vigde.

Overlevering var vel helst ein byskikk, og mellom dei «kondisjonerte». Men når berre bruri skulde overleverast, var det vel av di kvinna var umyndig, og brudekjøpet var avgjort mellom myndige menn.

Eg har sagt til brudepar som vilde ha overlevering, ofta av di «han pappa har so lyst!» – at då burde mamma overlevera gromguten sin, og slik markera, som det lyder i skriftlesingi: «Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si, og halda seg til kona si …»! Dessutan er det ikkje sjeldan at bruri gler seg til innmarsjen, medan brudgommen, om han er aldri so vaksen, er helst redd av seg, – og godt kunde trenga mamma ved si sida!

Kronprinsparet var ikkje avvikarar. Derimot var biskopen avvikar. Han tok konsekvensen av den harde kritikken som har kome fram mot den elendige dramaturgien i den nylaga vigsleliturgien som kom for kring tjue år sidan. Der kjem eit høgdepunkt, vigsla, først i vigslegudstenesta, og til og med kan koma føre den første salmen! Og presten ryk på brudeparet nær sagt før dei har fått att pusten, og roa seg etter den lange marsjen fram til koret!

Det var visst fleire prestar, i alle høve av oss tilårskomne, som etter to-tre gonger snøgt såg at dette fungerte ikkje, og snudde litt på rekkefylgja, i samråd med brudeparet, — nett slik biskopen no gjorde.

Det som visst ikkje har vore opplyst om, er bakgrunnen for dette kyrkjebyråkratproduktet: Det var ein del «radikale» som vilde skilja den borgarlege og kyrkjelege delen av giftarmålet, og vilde ha borgarleg vigsla for seg, og forbønsgudstenesta for seg. Som eit kompromiss vart då denne vanskapningen til. So skulde altso presten, i fullt ornat, ved altaret, i namnet åt Faderen, Sonen og Den Heilage Ande, vera borgarleg vigselsmann!

Og brudeparet skulde vigslast borgarleg «for Guds åsyn»! So kunde brudeparet setja seg, og den kyrkjelege forbønsgudstenesta ta til med salmesong!

Det var vel fleire som opplevde det same som ei fortalde: «Eg sat der og var gift, og undrast på kvifor eg skulde vera der lenger!»

So kjem eit viktig spørsmål om demokrati og jamstelling. I kyrkjelege tenester for kongelege og andre framståande personar har dei alltid god tid. Slik òg i brudlaup. Men kor godt det nye vigselsritualet enn kan verta, hjelper det lite om det vert 20 minuttars hastverksbrudlaup, – som det visst finst mange av kring i både bygd og by.

I Kyrkjedepartementet fekk eg i si tid stadfest at det er forrettande prest som skal avgjera kor lang tid som trengst til ei kyrkjeleg tenesta, anten det er brudlaup eller gravferd. So spørst det om prestar og bispar har like stor vyrdnad for brudepar og den heilage tenesta som Oslo-biskopen hadde!

Av Per Einar Sønnesyn