Det var lutter idyll på helgas årsmøte i Hordaland Framstegsparti. Kalamitetane frå to år tilbake er historie, og Terje Søviknes vart nærast klappa inn som delegat til landsmøtet, ei ære han vart nekta då det storma som verst. No er den såkalla sexskandalen ein uheldig parentes på Søviknes elles så gode rulleblad, og han er meir enn tilgitt blant partiets tillitsfolk. Sigmund Abusland, leiar i Aust-Agder Frp, sa det slik til Bergensavisen laurdag: «Sånne små sidesprang svekker ikke».

Fall for eige grep

Nei, det var nok Terje Søviknes' dårlege handtering av sitt eige sidesprang som gjorde mest skade. Han framstod på tv og nekta for at han hadde gjort noko som helst som kunne skada Framstegspartiet. Denne tv-framføringa gjennomførte han medan ei rekkje avis— og tv-redaksjonar kjende detaljane i det som skulle koma. Likevel tok han sjansen på å spela uskuldig. Det måtte gå gale. Særleg partiveteran Alvheim tok hardt i og kom med utsegner som var sterkt moralsk fordømmande. Brodden i Alvheims åtak fortok seg likevel då det vart avslørt at han hadde levd med «sjokket» og altså kjend til saka i fleire månader - utan å ta fatt i henne.

Korleis såg partileiar Carl I. Hagen på Søviknes' sidesprang? Han var ikkje glad for det, av minst to grunnar: Den eine var den skaden det tydeleg kom til å gjera på partiet. Den andre grunnen var at dette ville setja Terje Søviknes - ein sannsynleg kronprins til å etterfølgja kong Carl - vart sett ut av spel. Men berre for ein periode.

Aldri fordømt av Hagen

Dei som har følgt nøye med i korleis Carl I. Hagen har kommentert Søviknes-saka, vil oppdaga at han aldri har fordømt Os-ordføraren. Hagen har heile tida omtalt saka på ein måte som ikkje utelukkar Søviknes' comeback. Mi oppfatning er at Hagen heile tida - frå han oppdaga og dyrka fram det politiske talentet Terje Søviknes, gjennom skandalen og etterpå - har meint at han er ein av dei fremste kandidatane til å ta over som partileiar. Når vi ser kva som finst av politiske talent i Frp, er nok det ei korrekt vurdering.

No seier Terje Søviknes naturlegvis at det skal handla om lokalval - i Os og i Hordaland. Mannen skal stå først på kommunelista og først på fylkestingslista.

Men det det eigentleg handlar om er å byggja Søviknes opp igjen som ein rikspolitikar i toppsjiktet. Han skal på landsmøtet, og vil bli omfamna av ei delegatflokk som synest straffa har vore hard nok. Og han vil få klapp på skuldra av partiformannen, som no finn det opportunt å uttala seg på denne måten til Dagsavisen:

«Hordaland Frp er suverene med hensyn til hvem de sender til landsmøtet. Jeg har aldri kommentarer til fylkespartienes valg av landsmøtedelegater.»

Hagens respekt

På spørsmål om dette kan vera starten på eit rikspolitisk comeback for Søviknes, svarar Hagen at dette er heilt opp til Terje Søviknes, medlemmer og veljarar og tillitsvalde i Hordaland. «Jeg respekterer uansett hva velgere, medlemmer og tillitsvalgte i Frp foretar seg,» seier Hagen til Dagsavisen.

Ja, det gjer han, så lenge medlemmer og tillitsvalde gjer som Hagen vil. Det er kanskje somme som hugsar korleis Hagen framstod under nominasjonsprosessen for drygt to år sidan. Då sette han demokratiske spelereglar til sides og trumfa han gjennom prinsippet om at det er ei sak for sentralstyret kven som blir nominert på dei fremste plassane på fylkeslistene til Stortinget. Då var det så som så med respekten for medlemmer og tillitsvalde i dei fylka som hadde tenkt å nominera i strid med Hagens ønskje.

Men no høver Søviknes' comeback godt inn i Hagens kram. Terje Søviknes vil få topplasseringa på Hordaland Framstegspartis stortingsliste i 2005, og det vil bli laga opning for han i partistyret. Dersom han vil - og dersom det ser ut til å kunna skje utan altfor store kostnader - blir han lansert som Carl I. Hagens etterfølgjer når Hagen har tenkt å gje seg. Men det skjer neppe før om to år.