Det er i gang ein gigantisk flytteoperasjon – frå distrikt med avfolkingsvanskar til ein hovudstad med vekstsmerter. Denne operasjonen handlar om menneske, makt og påverknad. Den handlar om å gi vonde sår i den kompetansemessige infrastrukturen i mange distrikt. For i eit kvart område er det behov for ressurspersonar som i sum inspirerer og gir vidare utvikling. Blir det for lite av det vi kan kalle den kritiske massen, kan det rakne for lokalsamfunn og region.

Akershus og Oslo har fått netto 69.000 arbeidsplassar på fire år. Veksten var dobbel så stor som i resten av landet. Det er alt som ligg under sekkeposten administrativ tenesteyting som veks mest – 80 prosent av all ny sysselsetting på dette området skjedde her.

Netto 69.000 arbeidsplassar tilsvarer ca. 1,5 gonger den totale arbeidsstyrken i Sogn og Fjordane. Vi har ein situasjon der «Distrikts-Norge» produserer varer og eksporterer, medan «storfylket» Oslo/Akershus er hovudleverandør i den sterkt veksande tenestesektoren. Ein tenestesektor som leverer konsulentar, advokatar, byråkratar, mediefolk og andre premissgivarar til styringsverket.

Ei akselererande sentralisering skjer gjennom beslutningsunderlag, vedtak og handlingar. Vi finn det internasjonalt, vi finn det i norske konsern som Norsk Hydro og vi finn det i statleg omorganisering.

Eigentleg skrik utviklinga etter ei sterkare politisering der den viktigaste oppgåva er å få inn politiske heilskapsvurderingar, verdival og prioriteringar i eit samfunn som no er for dominert av fragmentert og spesialisert sektortenking. Og eg vil halde meg til dei offentlege arbeidsplassane.

I mange fylke utgjer desse eit særs viktig tilskot til ein arbeidsmarknad som elles er relativt fattig på arbeidstilbod innan offentleg verksemd og tenesteytande næringar. Slik er det også i mitt fylke, Sogn og Fjordane. Eg brukar det som eksempel sjølv om det også gjeld andre. Ungdom – og særleg dei med høgare utdanning, og fleire jenter enn gutar — flytter i stor grad ut av fylket, sjølv om det er ledige jobbar og mangel på arbeidskraft t.d. innan verfts- og fiskeindustri.

Men når vi søker etter personell med akademisk utdanning, står søkarane i kø. Sist var dei 92. Og det er ikkje uventa – vi får nå resultata av dei nasjonale utdanningsmessige krafttaka som er blitt gjort. Vi utdanna borna våre til akademikarar - ikkje til industriarbeidarar, vi gav dei teoretisk utdanning - vi lærde dei ikkje handverk. Og vi motiverte dei verken til å bli bønder eller omsorgsarbeidarar.

I dag kappast ulike departement og statlege etatar om å legge til rette for og gjennomføre omstilling, omorganisering, oppgåvefordeling og regionalisering av tenester og kontor, utan at nokon - slik vi oppfattar det - har eit synleg og «samla grep» om det som skjer. Med det meiner vi at dei ulike endringane vert sett inn i ein samanheng der ein også tek omsyn til målsetjingane i regional- og distriktspolitikken.

Eksempla er mangfaldige - her berre nemnt likning, helse, aetat og samferdsle.

Eg får mange reaksjonar frå kommunar som reagerer på at statlege tilbod og arbeidsplassar forsvinn, utan at dei samla konsekvensane for kommune/region vert vurderte eller tillagt vesentleg vekt. Vi krev konsekvensvurderingar for arealinngrep, men ikkje for store organisatoriske og samfunnsmessige endringar. Omfanget av dette vil vi ikkje oppdage før vi - etter noko tid - ser den totale effekten.

«Alle» leitar etter innsparingspotensial – i tråd med overordna pålegg og målsetjingar. Svaret blir ofte færre einingar, ulik regionalisering og reduksjon i tal arbeidsplassar og tilbod i distriktskommunar. Med lange avstandar og dårlege offentlege kommunikasjonar, vert eit typisk distriktsfylke hardt råka.

Dette går også særleg utover dei mest ressurssvake brukarane, slik som eldre, uføre og unge utan eigen bil og med manglande kollektivtilbod.

Som ein konsekvens av desse endringane, breier det seg ei negativ og pessimistisk haldning til staten som truverdig «partnar» for å halde oppe attraktive lokalsamfunn - der folk ynskjer å bu og arbeide. Det dreier seg både om nødvendige offentlege tenester, og om ein arbeidsmarknad som kan gje eit rimeleg variert tilbod av arbeidsplassar - til begge dei vaksne i ein familie.

Fylkesmannen skal vere samordnar av statleg aktivitet på regionalt nivå, og skal gje tilbakemelding til sentrale styresmakter om konsekvensar av statleg politikk og statlege tiltak. Eg har gitt og gir tilbakemelding – og blir i liten grad høyrt. Det er vanskeleg å vere «garantist» for ei slik samordning - til beste for kommunane - når dei ulike fagdepartement og etatar opererer så sektorspesifikt som vi opplever at dei gjer i dag.

Eg stiller meg sjølvsagt bak dei overordna målsetjingane i fornyinga av offentleg sektor. Eg er også oppteken av at vi verkeleg får til ei forenkling og effektivisering av det offentlege – og ikkje minst i den statlege delen av forvaltninga. Men - eg er også oppteken av at ei nødvendig effektivisering ikkje må - og ikkje treng – kome i strid med sentrale distriktspolitiske målsetjingar – som t.d. busetjingsmål, livskraftige distriktssentra og likeverdige tenestetilbod.

Vi har målsetjingar om å bevare hovudtrekka i busetjinga, og ta heile landet i bruk. Men vi må også ha tenestetilbod til folka som bur her – likeverdige tenester med resten av landet. Det heiter i fylkesmannsinstruksen at han skal ta «initiativ til gagn og beste for fylket». Frå fylket sin ståstad, er det viktig at folket i denne delen av landet - med så rike ressursar – får vere med på å leggje premissar for utviklinga nasjonalt. I eit slikt perspektiv, er det å sentralisere mykje av den offentlege verksemda inga positiv utvikling. Den fysiske lokaliseringa av offentleg forvaltning dreier seg ikkje berre om arbeidsplassar. Den er også viktig for moglegheita til å påverke, levere premissar og vere med å prioritere når det gjeld det offentlege sine oppgåver og verkemiddel. Det betyr noko for kjensla av makt eller avmakt. For å dempe «by-land konflikten», vil det vere eit strategisk godt grep å desentralisere meir statleg makt og myndigheit. Derfor bør det snarleg komme fleire konkrete resultat når det gjeld aktuelle direktorat og direktoratliknande funksjonar som kan flyttast ut av Oslo. Det er overordna politikk at fylkeskommunar og kommunar skal få større handlefridom og større påverknad på regional og lokal utvikling. Samstundes har dei pr. i dag liten reell innverknad på omfang og organisering av tenester og arbeidsplassar. Dersom dei ulike statleg fagetatane får operere «kvar for seg», er eg redd for at dei nemnde målsetjingane får redusert truverde framover. Å sjå heilskapen, å bruke sunn fornuft og gjere nødvendige avvegingar ut frå ulike omsyn, slik kommunane må, blir underordna sektorvise effektiviseringsmål. Resultatet blir eit meir sektorisert samfunn, heller enn eit meir samordna og heilheitleg samfunn – med brukaren i sentrum. Sett frå kommunane si side blir dette endå vanskelegare å leve med enn dagens oppsplitta stat.

Eitt av verkemidla regjeringa kan satse på som lekk i ein aktiv region- og distriktspolitikk, er etablering av nye og utflytting av eksisterande statlege institusjonar. Det er uttrykt av den førre regjeringa og av denne. Det inneber også avlastning av sentrale byområde, t.d. når det gjeld rekrutteringsproblem og høge leigekostnader. Ei pilotstudie gjennomført av Cap Gemini Ernst & Young for Kommunal- og regionaldepartementet konkluderer med at «distriktene er i stand til å løse offentlige oppgaver, herunder også meget kompetansekrevende oppgaver like godt og gjerne med lavere ressursinnsats enn ved alternativ lokalisering i Oslo.» Ny teknologi gjør det muleg å tenkje ei anna arbeidsdeling mellom Oslo og distrikta. Dei som bidrar til vekstsmerter i Oslo-området, er dei same som kan utgjere kritisk masse for at eit distriktsfylke som Sogn og Fjordane skal fungere. Og vi kan jamvel ta bort nokre av smertene i hovudstadsområdet - samstundes som vi yter gode og rimelegare offentlege tenester.