— Dette er aldeles ikkje lovleg, og dei treng ein kraftig smekk. Dette er kritikkverdig slums, tordnar han.

— Av og til kan det sjølvsagt vere formålstenleg å sende ut stillsbilete av ein gjerningsmann, men då må ein jo vere sikker!

Apenes er først og fremst kritisk til politiets framgangsmåte.

— Ikkje berre har dei sendt desse bileta over til tv-stasjonen, dei har sendt eit heilt utval bilete. Skrekkeleg!

Apenes meiner at Skodvin bør forfølgje saka.

— Han bør kreve både dementi og orsaking frå dansk TV2. Politiet bør få bot.

Men kunne det same skjedd her? Kriminalsjef Stein Krogvold i Bergen vil ikkje kommentere den aktuelle saka.

— Men eg har vanskeleg for å sjå at dette kunne ha skjedd her. Det verkar fjernt frå måten vi opererer på, seier han.