PER MARIFJÆRENper.marifjaeren@bt.no

Barnet døydde eitt døgn etter fødselen, etter å ha blitt overført frå Nordfjord til Sentralsjukehuset i Førde. Fødselslegen får kritikk for å ha brukt altfor store doser av eit medikament som skal forsterke fødselsriene til mora.

Surstoffmangel — Det er klart at legen gav mora uvanleg store doser, i form av både drypp og sprøyte, opplyser fylkeslege Petter Øgar.

Slike medisinar er heilt normalt i bruk ved fødslar, men det er doseringa Fylkeslegen reagerer på i dette tilfellet. Det nyfødde barnet døydde som følgje av surstoffmangel. Også transporten til Sentralsjukehuset i Førde var problematisk på grunn av dårleg flyvær, men her har ikkje Fylkeslegen funne noko grunnlag for kritikk. Barnet vart transportert mellom sjukehusa med ambulansebil.

Øgar har hatt tre uavhengige sakkyndige til å vurdere ulike aspekt ved denne saka. Han sender den no over til Helsetilsynet, som skal avgjere eventuelle sanksjonar mot den svenske legen.

Politietterforsking avslutta Medan Helsetilsynet vurderer saka utfrå brot på legelova, skal påtalemakta no avgjere korvidt dødsfallet også blir råka av straffelova.

Baby-dødsfallet har såleis vore under politietterforsking i lang tid. Politiinspektør Bente Staven opplyser til Bergens Tidende at politiet er ferdig med saka, og at den i førre veke vart sendt over til statsadvokaten for påtalemessig avgjerd.

Staven vil ikkje seie noko om kva innstilling ho har gjeve i denne saka.