— Dette går ikkje føre seg på ein ryddig måte.

Den nye ordninga endrar ikkje på realiteten i saka, nemleg at fylket set av pengar til eit vegprosjekt vi ikkje kan vera sikre på vert noko av, sa Venstres Harald Hove i fylkestingsdebatten onsdag.

Hove fekk fylgje av Liv Glasser frå SV og Torstein Dahle frå RV. Dei minte om at Stortinget hadde sagt nei til Hardangerbrua, og at dei sentrale vegstyresmaktene ikkje ville prioritera henne før etter 2015.

Under handsaminga av fylkesbudsjettet seinare på dagen, hadde alle desse tre partia framlegg om å inndra alle pengane i Hardangerbrufondet og nytta dei til ulike andre føremål, som å dekka fylket sitt underskot eller til utviklingstiltak i indre Hordaland.

Sikrar pengane

Ved inngangen til 2003 stod vel 111 mill. kr på fond til Hardangerbrua.

Frå komande årsskifte vert rekneskapsfø-resegnene for fylkeskommunane endra og ordninga med særrekneskap vert avskipa. Fylkestinget sitt vedtak om å setja av midlar til byggjing av Hardangerbrua krev difor andre føringsmåtar. Det er i denne samanheng fylkesrådmannen har føreslege at fondsmidlane i særrekneskapen vert gjort om til eit utlån til Hardangerbrua AS. På denne måten vert fylkestinget si avsetjing til Hardangerbrua heilt sidan 1985 sikra, heiter det i saksutgreiinga.

Bad om klårt svar

Under ordskiftet i saka gjekk styreleiar i Hardangerbrua AS, Magnar Lussand, Sp, gjekk hardt inn på Harald Hove og bad han seia rett ut at Venstre han var i mot Hardangerbrua.

— Eg kan ikkje seia det på den måten. Vår haldning er at vi tek til etterretning at brua ikkje er prioritert i tidsrommet fram til 2015, seier Harald Hove til Bergens Tidende. Hove foreslo konkret i budsjettdebatten at pengane i Hardangerbrufondet vert dregne inn og nytta til dekking av opparbeidd underskot i fylkeskommunen fram til og med 2003. Deretter vil Venstre at det vert sett av 30 millionar i 2005, 2006 og 2007 til sam-ferdsleprosjekt i området Hardang-er/Voss.

— Men kva vert Venstre si haldning der-som Stortinget til våren vedtek å gje Hardangerbrua ein plass langt framme i Nasjonal Transportplan.

Vil Venstre også ta det til etterretning?

— Ja, og då ligg det 90 millionar kroner der frå fylket etter vårt forslag, seier Harald Hove.

Fråtrekk i tre år

Fylkestinget held elles fast på at tidlegare vedtak om bruk av konsesjonskraftmidlane skal oppfyllast. 70 prosent prosent av kraftinntektene fram til 2010 skal gå til Hardangerbrua. Men på grunn av fylket sin dårlege økonomi vert det gjort eit fråtrekk på 20 millionar kroner årleg i åra 2004-06. Dette får Hardangerbrua att seinare ved at tilde-lingsperioden vert lengd til og med 2012. Fylkestinget seier i vedtaket sitt at fyl-keskommunen vil invitera ulike aktørar til å fremja forslag om større strategisk viktige prosjekt for regional utvikling. Prosjekta skal oppsummerast i ein kortfatta prosjektpresentasjon. Prosjekt som medverkar til at Horda-land utviklar seg til eit attraktivt og kon-kurransedyktig fylke vil vera av spesiell interesse, likeeins ulike «fyrtårnprosjekt» der ein kan skapa noko unikt for Horda-land. Prosjekta bør ha medfinansiering frå kommunar eller andre aktørar for å sikre solide prosjekt med høg lokal prioritering, meiner fylkesutvalet.

Pengar til kai

Frå 1. januar 2004 skal kon-sesjonskraftmidlar nyttast til delfinansiering av cruiseskipskai i Hardanger, avgrensa oppover til 11 millionar kroner. Kva andre prosjekt som skal få tilskot dei næraste tre åra, vert avgjort av fylkestinget neste år. Fylkestinget krev og ei snarleg vurdering omkring kon-sesjonskraftpengar til Jondalstunnelen etter 2006.