Det har han heilt rett i. Men det er også det einaste.

Geir Magnus Nyborg har elles framstått med i beste fall morosame argument til no. I BT sitt tv-bilag av 5. juli kan ein tolke han dit at han helst vil ha så mange preglause og lite utfordrande program på sendeplanen som muleg, slik at vi kan sitte der og glede oss til all den familievennlege reklamen som må komme. Reklame er, for han, godt fjernsyn.

Som bibliotekar burde eg kanskje vere på lag med Nyborg. Med eit sendeskjema som tilfredsstiller dei estetiske kriteria til Familie og Medier, og dens smått sekulære søsterorganisasjon BarneVakten, ville folk kanskje sjå mindre fjernsyn og lese fleire bøker. Men der er det også slutt på komikveld.

Etter å ha vore i nærkontakt, i mitt virke som ungdomsbibliotekar ved Rygge Bibliotek utanfor Moss, med diverse BarneVakter veit eg betre. Nyborg og hans hær, med sitt "verdigrunnlag i tråd med det skole og kirke bygger på" (BT. 10. juli), ser nemleg ikkje ut til å gi seg med fjernsyn. Dei vil også fjerne det som i deira «breie» medieperspektiv er nedbrytande materiale. Sagt direkte: dei vil fjerne litteratur dei ikkje likar frå biblioteka. Slikt er ikkje å ta ansvar eller vise omsut for barn og ungdom, eller vaksne for den del. Det er djupt udemokratisk. Det er gnisten som tenner bokbål.

Ved Rygge Bibliotek har vi det siste året hatt ei satsing på ungdom, som går ut på at vi vil ta denne brukargruppa på alvor. Å ta ungdom på alvor er etter mitt syn å lytte til deira meiningar, blant anna når det gjeld medier og medieval.

Dette førte til at populærkultur, i form av teikneseriar, musikk og dataspel, sette eit tydelegare stempel på ungdomsavdelinga ved biblioteket. Ungdom starta også å bruke biblioteket meir, blant anna i sosiale samanhengar. Enkelte religiøse grupper, godt understøtta av BarneVakten, fann fort ut at slik kunne ein ikkje ha det, og sette i gang med ein, for biblioteket, ungdommen sjølv og meir edruelege foreldre, svært plagsom «foreldreaksjon».

Ifølgje desse gruppene er ungdom i Norge, i år 2002, ikkje i stand til sjølv å velgje kva dei vil lese, sjå eller lytte til. Dei er ikkje i stand til å foreta ei vurdering av mediematerialet dei nyttar. Dei er ikkje i stand til å bedømme kvalitet. Nyborg sin «skole og kirke sitt verdigrunnlag» har vel ikkje gjort dei i stand til det. Eg trudde det var noko av skulen si oppgåve, Nyborg, men eg har visst teke feil.

Det som er farleg med dei «nye» kristelege kringkastingslaga, som Familie & Medier og BarneVakten, er ikkje berre det udemokratiske sinnelaget dei viser, men også den tindrande klare evna dei har i å konstant nedvurdere unge sine kulturelle interesser.

Dette meiner eg det er all muleg grunn til å bekjempe. Dei unge treng faktisk beskytting frå desse gruppene. Her har biblioteket ei oppgåve. Foreldre som ikkje deler det høgkristne kultur— og moralsynet som BarneVakten innerst inne står for, bør dessutan vere sterkt kritiske til den «informasjonen» dei kjem med rundt unge sine medievanar.

Av Stig Elvis Furset Bibliotekar og forfattar