drap, lemlesting, blod, smerte, ufatteleg liding og angst, tap, krenking, fornedring... Hovudpersonen i romanen, Paul, fell sjølv i skyttargravskrigen i første verdskrig, saman med tallause andre, men vart gløymt i kommunikéa som kort melde «intet nytt fra Vestfronten». Verda står no på randa til ein ny storkrig, og ein kan spørje seg om det er noko nytt — ikkje ved Vestfronten, men med fenomenet krig.

Ja visst er det nye trekk ved den ytre situasjonen (form og kontekst) samanlikna med Remarque si skildring. Mellom anna sit angriparane no i relativt trygge omgjevnader - i bombefly høgt over bakken eller i godt «polstra» tanks og drep menneske på trygg avstand frå ofra - utan særleg plagsam og farleg nærleik til fienden, i motsetning til soldatane i skyttargravene i første verdskrig. I dag ser ikkje soldatane andleta til ofra; dei høyrer ikkje smerteropa. Bajonettane er gått ut av bruk... Krigføring er blitt høgteknologisk - vi hugsar den uhyggelege nemninga «presisjonsbombing» sist amerikanarane herja med folket mellom Eufrat og Tigris for om lag eit tiår sidan.

Spørsmålet er likevel om ikkje krigen sin grunnleggjande karakter og vesen er mykje godt som før. No som tidlegare er det mektige bakmenn, t.d. statsleiarar som ivaretek profittørar sine interesser og som bruker krigen til å skaffe seg makt og prestisje. Desse kjem sjølv aldri i nærleiken av krigen sin konkrete brutalitet. No som før vert det sett i verk eit veldig propagandaapparat og det vert skapt eit fiendebilete med demonisering av fienden. No som før vert krigen legitimert ved å appellere til «den gode sak» og vise til at ein har Gud på side. (Har du forresten nokon gong høyrt om ein krig som ikkje er «nødvendig», «uunngåeleg», «moralsk høgverdig» o.a.?) No som før er det unge menn som vert sett til å vere slaktarar på slagmarka, og som sjølv får liva sine øydelagt, anten dei overlever eller ikkje, anten dei vinn eller taper. «He is the universal soldier», som det heiter i ein gammal fredssong som vi igjen skulle begynne å syngje. No som før rammar krigen uskyldige: Kvinner og barn, eldre, sivile i det heile tatt. No som før løyser krigen ingen problem, men skaper nye, t.d. fattigdom, materielle øydeleggingar, hemnlyst i generasjonar. Tenk om pengane som vert brukt på militærvesen og krigføring hadde blitt nytta til å skape betre kår for dei fattige i verda! No som før er krigen særs konkret i sine verknader i form av ufattelege menneskelege lidingar. Og no som før er det berre oss vanlege menneske som kan stoppe krigen.

Likevel er «moderne» krigføring langt farlegare og meir destruktivt enn den «gammaldagse» krigføringa med «kuler og krut» av di skadepotensialet er langt større. Og moderne media (t.d. tv) gjev krigshissarane større psykologisk spelerom når det gjeld å manipulere opinionen. Men krigsmotstandarane har også betre høve til å samle fredskreftene over landegrensene.

«Intet nytt fra Vestfronten» er ei glimrande motgift til Bush og Jan Petersen si krigshissing og sistnemnde sin patetiske formalisme («FN-sporet», ymse «resolusjonar», «krigsjus» o.a.). For her får vi substans, nær sagt av «kjøt og blod»: Vi får ei levande skildring av kva krig eigentleg er - konkret og menneskeleg. Kjemp mot den folkerettsstridige åtakskrigen som USA no planlegg - før det er for seint. I 2003 må ikkje menneske lenger la seg lure av krigshissarane. I det førre hundreåret mista 100 millionar menneske livet på grunn av krig. Vi veit no nok til å seie NEI!

Kjell Underlid